Om 200 dagar skal mange norske ungdommar stemme for første gang. Her får dei smaka på kva lokalpolitikk eigentleg handlar om.

mm
Faktaboks

Valdeltaking

Stortingsvalet 2013: 78,2 prosent

Stortingsvalet 2009: 76, 4 prosent

Kommunevalet 2011: 64,5 prosent

Kommunevalet 2007:  61,2 prosent

16-17-åringar kommunevalet 2011: 57,3 prosent

Førstegongsveljarar kommunevalet 2011: 46 prosent

Førstegongsveljarar kommunevalet 2007: 33 prosent

Kjelde: Regjeringen

LES FAKTALUKK FAKTA

– Er det nokon som veit kva ein ordførar er?

Ti elevar og to lærarar ser på spelverten i Besøkssenteret på Kommunenes Hus.

– Det er han som bestemmer. Han er på ein måte statsminister i kommunen, kjem det til slutt frå ein elev i auditoriummet.

LES OGSÅ: Her skal 16-åringane få stemma i 2015

Parringsområde eller settekasse?
Samfunnsfagklassen frå Drømtorp vidaregåande skule i Ski er reist inn til Oslo for å spele Kommunespelet hjå KS – Kommunesektorens organisasjon.

Yrkesskuleelevane skal hjelpe rådmannen i den fiktive kommunen Snasen å utarbeide eit forslag til nytt eldresenter, som skal verte behandla i kommunestyret.

Ordføraren gjekk til val på nytt eldresenter, så no er det opp til dagens ekspertgruppe å finne eit forslag som går igjennom.

Skal senteret byggjast på ei gravlund eller Kløveråsen, i truga dyreartar sitt parringsområde? Skal det vere solgård eller settekasse? Klarar 17-åringane å halde seg innfor budsjettrammene?

Dei diskuterer innovative løysingar som spisebingo og treningssenter på hjul, for å betre helsa til dei eldre.

Nyleg vart Kommunespelet òg tilgjengeleg i nynorsk versjon.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet

Førstegongsveljarane
Om 200 dagar skal dei same elevane for fyrste gang vere med å påverke kven som skal styre i heimkommunane sine. Dei skal stemme i kommunar som Ski, Oppegård og Drøbak.

Målet med spelet er å engasjere elevane, samt vise korleis dei kan vere med å påverke politiske prosessar.

Nokon har allereie kome langt i tankerekkja før sitt første val.

– Eg tenkjer Ap, fordi eg alltid har synst at Ap er eit bra parti, seier Andreas Felipe Werner.

17-åringen har ikkje oversikt over dei lokale Ap-representantane enno, men kjenner til dei nasjonale figurane.

– Målet er at alle skal ta eit standpunkt før haustens val, seier lærar Ann Hilde Bolstad, som allereie har utfordra ein elev til å melde seg inn i eit ungdomsparti. Kva parti legg ho seg ikkje opp i.

– Eg har ikkje følgt med før. Stemmeretten har hindra meg, forklarar Nicholas Sahpazidis, som har planar om å starte å orientere seg i det politiske landskapet om nokre månadar. Då tenkjer han å snakke med vener og familie for å få betre oversikt.

LES OGSÅ: Raudt Rapvalg

 
Bemanningsleiar Karoline Stensrud (16) argumenterer for bemanninga på sjukeheimen.

Den (t)unge vegen inn
Unge og gamle frå Nordkapp til Lindesnes skal saman trekke til stemmeurnene 14. september 2015, men faktum er at dei eldre i større grad kjem seg over dørstokken til stemmelokalet.

Unge si valdeltaking er generelt lågare enn eldre, og alle – både vaksne og ungdom – er mindre interessert i lokalpolitikk enn nasjonal politikk.

Det kan ein tydlegast måle på at valdeltakinga ved stortingsval er høgare enn kommuneval.

78,2 prosent av alle nordmenn med røysterett stemte ved førre stortingsval. Ved førre lokalval i 2011 var valdeltakinga på 64,5 prosent.

Valdeltakinga i dei ulike kommunane sprikar stort, og held seg stort sett på same nivå over tid.

Samfunnsforskar Guro Ødegård peikar på at sosial ulikheit knytt til faktorar som utdanning ofte spelar inn på valdeltakinga. Familien er viktig for ungdommane.

– Politisk engasjement er arveleg. Ungdom som veks opp i heimar der samfunnsspørsmål er eit tema rundt middagsbordet vert meir engasjerte. Undersøkingar frå Danmark syner og at om mor og far – og då særleg mor – nyttar stemmeretten sin har mykje å seie for om unge stemmer, forklarar Ødegård ved Institutt for samfunnsforsking.

LES OGSÅ: Kjempar for å få fleire unge veljarar

Spesielle 2011
2011 var eit spesielt valår på mange måtar.

For fyrste gong kunne norske 16-åringar i 20 utvalte kommunar stemme som ei forsøksordning under kommune- og fylkesvalet.

I tillegg vart ungdomspolitikken hardt råka av terroråtaket mot AUF sin sommarleir på Utøya 22. juli.

I kjølvatnet av dette såg ein den høgaste valdeltakinga ved eit norsk kommune- og stortingsval på 20 år. Ein må attende til 1991 for å finne høgare oppslutning.

Av dei over 9.000 16- og 17-åringane som kunne stemme nytta 57,3 prosent seg av retten sin. Deltakinga var høgare blant denne gruppa enn ungdommar i alderen 18-22 år.

– Lokalpolitikarane har ei utfordring i å gjere seg relevante for unge. Når 16-åringane skal stemme set det lokalpolitikarane på prøve, fordi dei må løfte fram saker som er viktige for andre enn dei som skal ha barnehageplass. Det handlar om å gjere sakene relevante og ha unge politiske rollemodellar som dei kan identifisere seg med, meiner Ødegård.

Og nettopp unge meiningsbærande rollemodellar var det nok av til lokalvalet i 2011.

LES OGSÅ: 16-åringar er flinkare å stemma

 
I det interaktive Kommunespelet må Richard Stenberg (t.v), Karoline Stensrud, Andreas Felipe Werner og Nicholas Sahpazidis ta stilling til mange vanskelege spørsmål.

Som 68-arane?
I kommunane med stemmerett for 16-åringar auka talet på kommunestyrerepresentantar mellom 18-29 år frå 8,3 til 14,0 prosent etter førre val.

I år trur Ødegård kommunesamanslåingsdebattane kan verte viktige òg for yngre veljarar.

– Det handlar om identitet og tilhøyrsle, men òg eit betre tilbod når det kjem til skule, kultur og fritidstilbod, meiner forskaren.

Ødegård meiner at det politiske har endra seg etter 2011 og at ein òg ved førre stortingsval såg at politikarane og media i større grad vendte seg mot dei yngre veljarane.

Framover skal Ødegård sjå på om ungdomseffekten vil vara, på same måten som 68-generasjonen har vore ei gruppe med høgt deltakingsmønster og eit spesielt sett verdiar.

– 22.juli råka ungdommen kraftig. Det var så skjelsetjande og nesten alle kommunar vart råka. Det var så grotesk at politisk engasjerte unge var eit terrormål. Dei fekk ein frykteleg bratt lærekurve i verdien av demokrati, stemmerett og det å engasjere seg. Utøya bidrog til å forma ein heil generasjon i sin mest politisk formbare fase, meiner Ødegård.

No er ho spent på kva skulen som demokratiførebuande arena har å seie for deltakinga.

LES OGSÅ: Høgare valdeltaking enn i 2009

Nær politikken
Erfaringar frå førre runde med stemmerett for 16-åringar synte at der skulane var involvert og politikarane klarte å gjere politikken relevant var valdeltakinga høg.

Kanskje kan det fiktive Kommunespelet auke interessa for verkelegheitas politiske spel?

– Me har hatt skuleklassar frå heile Noreg – frå Finnmark til Risør. Det som er påfallande er at elevar i små kommunar er meir interesserte, engasjerte og kan meir enn Oslo-elevar om lokalpolitikk, seier ansvarleg for Besøkssenteret Siri Hansen.

Ho trur at kunnskapen og interessa for lokalpolitikk har mykje å gjere med kjensla av nærleik.  I små kommunar kjenner ungdommane kanskje ordføraren, har foreldre i kommunestyret eller har opplevd å vere med å påverke ei sak.

16 år gamle Karoline Stensrud må vente enno lenger før det vert hennar tur til å stemme. Ho kunne godt tenkje seg å stemme ved årets val, for å få sagt si meining. Samstundes som ho har inntrykk av at ho kan vere med å bestemme, er ho ikkje heilt sikker på i kor stor grad.

LES OGSÅ: Tre av fire veit ikkje kven som er kunnskapsminister

Selfie med Erna?
Etterpå skal elevane vidare til Stortinget. Det hadde vore spanande og sett Erna Solberg og Siv Jensen. Dei veit godt kven som styrer landet.

Veit du kva ordføraren i kommunen din heiter?

– Eg anar ikkje, svarar ein elev ærleg.

Han er ikkje åleine. Fleire av elevane frå større kommunar kan ikkje namngje ordføraren sin. Ein elev frå Oppegård kan.

Men statsministeren og Siv Jensen veit dei kven er. Fleire vonar det vert selfie-moglegheiter.

– Korleis er det å ta med seg mobil inn på Stortinget? Kanskje Erna må ta bilete med sin eigen mobil, smilar læraren.

Sjå film frå Kommunespelet her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE