Ei ny undersøking viser at to av tre unge meiner Noreg gjer for lite for klimaet.

Undersøkinga er gjort av LNU, som har spurt 600 nordmenn mellom 15 og 24 om kva dei veit om globale spørsmål, melder NRK.

63 prosent av dei spurde meiner menneskjeskapte handlingar, spesielt CO2-utslepp, er den viktigaste årsaka til klimaendringane. I 2011 svarde under halvparten det same.

Matematikkstudenten Camilla Restrup i Oslo var klar då NRK stilte ho det same spørsmålet.

– Sjølvsagt. Me køyrer meir bil, me har meir pengar og me forbrukar meir. Det vil sjølvsagt auka utsleppa, så det er jo menneskjeskapt på ein måte, seier ho.

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet

To av tre vil ha kutta her heime
Fleirtalet meiner og at Noreg må ta ansvar for eige utslepp, framfor å berre hjelpe andre land med sine klimakutt. 62 prosent meinte Noreg har eit moralsk ansvar for å kutta eigne utslepp.

Her hadde talet derimot gått noko ned sidan førre undersøking i 2011 – den gong sa 67 prosent av me sjølv måtte ta ansvar.

Naomi Ichihara Røkkum i LNU er overraska over at så mange unge meiner noko om klimaendringane.

– Det viktigaste er nok at debatten har endra seg, og unge menneskjer følgjer med på debatten som foregår i samfunnet. Me ser også at mange av dei som er engasjerte i barne- og ungdomsorganisasjonar i større grad er opptekne av at ein skal ta kutta heime, seier ho til NRK.

LES OGSÅ: AUF: – Oljealderen høyrer fortida til

Sju av ti er misnøgde
I ei anna undersøking gjort av Kirkens Nødhjelp rett før jul, sa heile 71 prosent av dei spurde at dei meinte Noreg gjer for lite for klimaet, og berre ein av fire meinte Noreg gjorde ein god jobb med klimafeltet.

– At ein så stor del av den norske befolkninga meiner at Noreg bør gjere meir enn i dag for å kutte klimagassutslepp, er lovande. Det gir håp at så mange ønskjer ein betre klimapolitikk, sa klimarådgjevar Ingrid Næss-Holm i Kirkens Nødhjelp den gong.

Kva veit du om klima? Test deg sjølv her!

– Klart ungdom bryr seg meir
Natur og Ungdom er ikkje overraska over tala i LNU si undersøking.

– Det er klart ungdom bryr seg meir og meir om klima. Me ser jo kva som skjer ute i verda, og det er me som skal bu og arbeida her i framtida. Då er det heller ikkje rart at me ikkje ønskjer oss inn i oljeindustrien lenger, seier Tale Ellingsvåg, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Ho peikar på nedgangen i rekruttering til oljebransjen den siste tida som eit teikn på den same trenden.

– Kvar dag får me bekrefta på nytt at det ikkje er ei framtid i oljen. Klimarapportar, økonomiske analysar, miljøtilstanden ved iskanten og framgangen i fornybar energi seier alle det same. Det er ikkje så rart at norsk ungdom ikkje let seg rekruttera til å vera ein del av problemet når me ser at me heller kan vera løysinga me treng, seier Ellingsvåg.

 

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE