– Dette er eg oppriktig glad for, seier Jon Fosse etter at han torsdag vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2015.

(NPK-NTB-Trine Andersen):
(NPK-NTB-Trine Andersen):
Faktaboks

Dette er dei nominerte til Nordisk råds litteraturpris for 2015:

Noreg:

Kristine Næss: «Bare et menneske», roman.

Jon Fosse: «Trilogien: Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd», roman.

Danmark:

Pia Juul: «Avuncular. Onkelagtige tekster», dikt.

Helle Helle: «Hvis det er», roman.

Island:

Jón Kalman Stefánsson: «Fiskarnir hafa enga fætur», roman.

Þorsteinn frá Hamri: «Skessukatlar», dikt

Sverige:

Therese Bohman: «Den andra kvinnan», roman.

Bruno K. Öijer: «Och natten viskade Annabel Lee», dikt

Finland:

Peter Sandström: «Transparente Blanche», roman.

Hannu Raittila: «Terminaali», roman

Det samiske språkområdet:

Niillas Holmberg: «amas amas amasmuvvat», dikt.

Færøyane:

Sólrún Michelsen: «Hinumegin er mars», roman.

Grønland Niviaq Korneliussen: «HOMO sapienne», roman.

Åland:

Karin Erlandsson: «Minkriket», roman.

Vinnaren blir valt av bedømmingskomiteen for Nordisk råds litteraturpris og offentleggjort under Nordisk råds prisutdeling 27. oktober i Reykjavík. Prissummen er på 350.000 danske kroner.

(©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Fosse er nominert for «Trilogien: Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd». Juryen kallar trilogien «eit høgdepunkt i nyare norsk romanlitteratur». Og det er nettopp det at han er nominert for prosa, som gler Fosse spesielt.

LES OGSÅ: Fosse-dikt i ny tonedrakt

Ein siger
– Eg har fått mange prisar og er rimeleg kjent etter kvart, men det meste er på grunn av dramatikken min. Eg kjenner meg like mykje som prosaist som dramatikar, seier Jon Fosse til NTB.

Han er norsk kandidat til prisen saman med Kristine Næss, som er nominert for romanen «Bare et menneske».

Prisen er på 350.000 danske kroner og kven som vinn, blir offentleggjort i Reykjavik 27. oktober.

– Det skal vel noko til om eg får prisen. Eg har vore nominert ein gong før for «Morgon og kveld». Då fekk eg han ikkje, men for meg er nominasjonen i seg sjølv ein slags siger for prosaisten Fosse. Eg er oppriktig glad for han, seier Jon Fosse.

LES OGSÅ: Dette tener nynorskfolket

Finsk i fjor
Det er nominert to forfattarar frå kvart av dei nordiske land, i tillegg til ein forfattar frå Færøyane, Grønland, Åland og det samiske språkområdet.

I fjor gjekk prisen til den finske forfattaren Kjell Westö. Siste norske vinnar er Merethe Lindstrøm, som i 2012 vann med «Dager i stillhetens historie». (©NPK)

LES OGSÅ: Mannetung Upris

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE