Lokkar unge til å jobba i kommunen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finst det verkeleg så mange yrke?

Artikkelen var først i Avisa Nordhordland

Vi er på Nordliheimen ein tidleg føremiddag. Livet går stort sett sin vante gang. Med eit unnatak. I ein korridor ligg ei jente langstrakt på golvet medan to pleiarar driv og spenner på ho bereselen til liften som skal få ho opp frå golvet utan ekstra belastning. Tre andre jenter og Wenche Myrmel følger spent med på det som skjer.

LES OGSÅ: Ønskjer strengare krav for norske sjukepleiarar

– Vi skal demonstrera kva som skjer om ein av pasientane har falle på golvet, eller skal løftast frå senga til dusjen, eller frå rullestolen til senga, seier Elin Eriksen, fagleg ansvarleg for lærlingane i helsefaget, og TAF-helseelevar i praksis i Austrheim kommune. 

– Det er kjempetungt å løfta nokon opp frå golvet, men med denne liften går det veldig greitt for oss som jobbar her, og så er det mykje betre for pasienten, seier ho.

LES OGSÅ: Her har 2/3 av leiinga byrja som lærlingar

Sjukeheim og barnehage
«Pasienten» i denne samanhengen er Synne. Ho har litt lyst til å hjelpa til med å få på plass selen, men vert liggande i ro. I lag med andre frå 10. klasse på Kaland og Årås skule får ho denne dagen viktig informasjon om kva jobbtilbod som finst i Austrheim kommune. Med særleg vekt på pleie og omsorg, og barnehage. Seinare på dag skal gruppe nemleg byta med elevane som no er og gjer seg kjend med Austrheim kystbarnehage.

Ida Arnø assisterer Elin Eriksen. Det er alltid ein fordel å vera to når liften skal brukast. I halvanna år har Ida vore lærling ved Nordliheimen og til sommaren skal ho ta fagbrev. Elin begynte sjølv som lærling i 1998, og har vore ved heimen sidan.

Ida har stor forståing for at elevane synest det er vanskeleg å velja yrkesveg.

– Men sjølv har eg alltid visst kva eg skulle bli, seier ho og fortel at ho stortrivst i jobben sin.

LES OGSÅ: Angrar ikkje på beintøft studieval

Enorme behov
Wenche Myrmel er personalrådgjevar i kommune. Det har ho vore i 11–12 år. Tidlegare jobba ho i Lindås kommune, og Aetat (dagens NAV) før det.

– Det er utruleg kjekt å få vist 10.-klassingane litt om kva arbeidsplassar som finst i kommunen. Vi har gått gjennom alle avdelingane i kommunen, og kva yrke og utdanning som skal til for å jobba der. I tillegg får dei altså ein smakebit frå to arbeidsplassar, der ein lærling og ein fagarbeidar fortel om sin arbeidsdag, seier Myrmel. 

– Korleis er jobbmarknaden i Austrheim?

– Vi held på i desse dagar å avslutta strategisk kompetanseplan i kommunen, og ser eit betydeleg kompetansebehov. Til dømes i barnehagane var det i 2011 i bruk 44 årsverk, i 2020 er behovet auka til 63 årsverk. Då har ein lagt til grunn Statistisk sentralbyrå (SSB) sine berekningar om folketalsauke i Austrheim.

– Tilsvarande i pleie og omsorg var det i 2011 78 årsverk. I 2020 er behovet 97, og i 2040 «eksploderer» det. Då er behovet 168 årsverk, seier Myrmel. Tilsvarande tal kan ein sjå i forhold til lærarar i kommunen. Også teknisk sektor behov for meir arbeidskraft i framtida.

LES OGSÅ: – Eg har framleis masse å læra

Lærlingar og TAF-praksis
Myrmel synest difor det er positivt at tilbakemeldingane frå elevane er at dagen i kommunen var veldig interessant.

– Dei visste ikkje at det fantest så mange typar yrke i kommunen, og gav klar tilbakemelding på at dei ville ha utvida omvising neste år. Det tar vi til oss, og synest er interessant og lovar godt for framtida.

– Det var kjekt å få møta dei no, før søknad til vidaregåande i mars, og få vist at tar imot lærlingar og har TAF-helse i samarbeid med Knarvik vidaregåande.

LES OGSÅ: Lærarstudentar er minst tilfreds

Internasjonalt miljø

– Korleis er det meir rekruttering til ledige stillingar i Austrheim?

– Søkarmassen varierer, så det er vanskeleg å svara eksakt. Nokre søkarar er nyutdanna som søker på sin første jobb, nokre skiftar kommune. Det er mange frå utlandet som søker, gjerne som er gifte eller sambuarar her, spesielt innan pleie- og omsorg. Der er det ganske internasjonalt. Til dels og i barnehagane.

– Byr det på spesielle utfordringar?

– Både ja og nei. Språk kan vera eit problem, så dei bør ligga på eit visst nivå språkmessig. Men vi har ikkje opplevd store problem. Vi ser i barnehagane og skulane at dei framandspråklege ofte kan vera til gode hjelp i forhold til framandspråklege barn og foreldre.

– I pleie og omsorg er ikkje brukarane så internasjonale enno, men dei blir det gjerne etter kvart, seier Myrmel. 

LES OGSÅ: Desse studia gjev best løn

Mange 55+
– Har kommunen behov for ny arbeidskraft i dag?

– Av 326 tilsette er 95 over 55 år. (29%). Det skuldast store barnekull etter krigen, som no er på veg ut av arbeidslivet. Vi har heile tida behov for nyrekruttering – og det blir dobbeltrekruttering både i forhold til pensjons- og folkeauke, seier personalrådgjevaren.

– Kor er behovet størst?

– Pr. no innan pleie og omsorg. Heile døgnet, heile året rundt skal fyllast. Difor er vi veldig ivrig etter å ha lærlingar. Har 11 lærlingar totalt i kommunen no. 2 barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagane, 8 i pleie og omsorg og helsefag, og ein kokkelærling.

– Vi har og vore flinke med at pleiemedhjelparane våre reiser til Knarvik og tar teorien, i lag med praksistimar i pleie og omsorg slik at dei kan gå opp til fagbrev. Desse kjem gjerne inn som ufaglært vikar eller ringevikar i vaksen alder, og trivst så godt at dei gjerne vil gå vidare og få fagbrev. Å gje kompetanse til våre eigne er og ein måte å rekruttera på. Spesielt i pleie og omsorg er det aktuelt.

– For Austrheim kommune er det viktig å få vist ungdommane breidda av arbeid og spennande oppgåver som finst i ein kommune. Få vist dei at oppgåvene er veldig varierte, meiningsfulle og bidrar til å påverka samfunnsutviklinga, seier Wenche Myrmel som gjerne kunne tenkt seg at dette tilbodet til ungdommane vart utvida til tre dagar og fleire arbeidsplassar. Men ein dag er ein god start. I tillegg prøver kommunen å vera der ungdommane er, og deltar difor både på jobb- og utdanningsmessa.

Korleis er det med dei fire jentene frå Kaland, ser dei for seg ei framtid i pleie og omsorg etter dagens besøk? Synne, Sunniva, Martine og Princess kikkar på kvarandre. Valet er vanskeleg, og dei har ikkje bestemt seg. Men no veit dei i alle fall meir om kva jobben går ut på. Det gir eit betre grunnlag når valet skal gjerast.

LES OGSÅ: Færre stryk på små høgskular