Bryne-foreldre kjempar for bokmålsklasse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjempar for bokmålsklasse

I 2011 var det ikkje nok elevar som ønskte bokmål, til å starte eigne bokmålsklassar verken ved Bryne skule eller Rosseland skule. Men til saman var dei mange nok, og kommunen gav desse tilbod om å gå i ein felles bokmålsklasse på Rosseland. Men av ulike grunnar fell fleire frå, og talet enda til sist under ti, som er grensa for å danne eigne målklassar.

LES OGSÅ: Her vinn nynorsken fram

No prøver ei gruppe foreldre på Rosseland igjen å få starta ein eigen bokmålsklasse for førsteklassingane som byrjar til hausten, fortel Jærbladet.

– Nesten ingen vel nynorsk frivillig. Det er eit språk som er lite i bruk utanfor skulane. Eg forstå ikkje kvifor vi absolutt skal halde på nynorsken, seier bokmålsaktivist og tidlegare mållagsmedlem Henning Bonnez til avisa.

LES OGSÅ: Vil gi stipend til nynorskbloggarar

Bonnez meiner halvparten av elevane på Bryne hadde gått i bokmålsklassar viss det var lettare å gi beskjed om målform. Bokmålsforeldra ville helst kunna ha krysse av for målform på innskrivingsskjemaet. I dag må dei be om fritak frå hovudregelen, som på Bryne er nynorsk.

Bryne skule har så langt ikkje fått nokon ønske om bokmålsklasse, men rektor Geir Soma ved Rosseland skule fortel at talet på bokmålsønske der no nærmar seg den magiske grensa på ti. Fristen for å seie frå er 1. mars. (©NPK)

LES OGSÅ: Stem på verdas beste nynorske blogg!