No er Cosplay på skulen

Namdals folkehøgskule opplever stor pågang til Noregs første cosplay-linje.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik lokkar dei nye elevar

– Anime manga har vore her ei stund, men no har det òg kome ein del conventions, som fleire av søkjarane har delteke på.

LES OGSÅ: Dataspel gir søkjarboom

Pyntar gamalt klesdesign
Namdals folkehøgskule i Grong har tidlegare hatt ei klede- og designlinje, som i likheit med andre kunst- og handverklinjer på folkehøgskular landet over har hatt synkande popularitet. Difor var det tid for nytenking.

Hausten 2013 kom ideen om å starte ei cosplay – klesdesignline. Linjelærar Britt Øverhus er den same som leia den gamle klede- og designlinja.

Planen var å starte opp cosplaytilbodet hausten 2015, men på grunn av låge søkjartal valde dei å lansere linja eitt år tidlegare.

Tilbodet har vist seg å vere populært. På under ein månad i fjor sommar kom det søkjarar nok til dei 16 plassane.

No har skulen utvida til 20 cosplay-elevar, men framleis står mange på venteliste.

LES OGSÅ: Mangfaldig helteunivers

Folkehøgskulen i front
Opptaka til landets folkehøgskular starta 1. februar og har løpande opptak fram skulestart i august, eller fram til det er fullt.

Til no har Namdals folkehøgskule 130 søkjarar til 75 skuleplassar, men det betyr ikkje nødvendigvis at alle desse vil takka ja til plassen.

Nicolaisen trur ikkje skulen får vere åleine med det nye tilbodet lenge, men ingen andre folkehøgskular har annonsert konkrete planar.

– Folkehøgskulane har alltid vore tidleg ute. På 70-talet lanserte folkehøgskulane idrett og musikk, før dei vidaregåande skulane kom etter. Dei siste trendene no er spel, speldesign og fantasy, som me ser mange er oppteken av. Ungdommane kjem på folkehøgskule for å dyrke ei interesse, men den sosiale læringa og den faglege læringa går hand i hand, seier Nicolaisen.

Skulen har allereie linja Spillutvikling, som har gitt godt utslag på kjønnsbalansen. Tradisjonelt har folkehøgskulane trukke til seg fleire jenter enn gutar, men i år har Namdals folkehøgskule dobbelt så mange gutar som jenter.

Cosplay-linja trekk til seg flest jenter, men òg nokre gutar.

LES OGSÅ: Fansen som slår belieberane

– For spesielt interesserte
Marielle A. Lien starta i 2009 bloggen Cosplay Norway med slagordet Cosplay til folket!

– Cosplay er for alle og det skal vera gøy. Eg tykkjer det er fantastisk at det no finst eit slikt tilbod, seier Cosplay-entusiasten, som òg har høyrt at nokon cosplayarar meiner prisen for linja er litt vel stiv.

Sidan ho starta bloggen har ho merka at fleire kjenner til fenomenet cosplay. No har alle dei store byane i Noreg eigne conventions.

– Eg håpar dette kan føra til meir aksept, men cosplay er nok framleis for spesielt interesserte, seier Lien, som ikkje ser for seg at hobbyen hennar vert mainstream sjølv om dei no har fått ei eiga folkehøgskulelinje.

LES OGSÅ: – Lat elevane spela!