Mangfaldig helteunivers

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Raptus 2011: Mangfaldig helte- univers

I løpet av fire dagar har mange kome til Bergen for å delta på teikneserie-festivalen Raptus som har alt frå amerikanske superheltar til kostymefest.

Inne på Kvarteret er det teikneseriar for kvar ein smak, og dei besøkande er eit bevis på akkurat dette. Både emoar, foreldre og fjortisar med regulering var innom den mangfaldige festivalen. I seriebutikken kunne ein finne alt frå «Tom og Jerry» frå den tida det kosta ti cent, til «True Blood» og «Varg Veum».

Ung skapar
Daniel Haugen, som er på gjennomreise for å vere med på festivalen, har saman med åtte andre vore med på å gi ut heftet «Nye Streker», som er den andre utgåva dei unge skaparane har gjeve ut.

– Eg har teikna heile livet, og draumen er sjølvsagt å jobbe som teikneserieskapar. Men det er vanskeleg å leve av det. Om det ikkje går satsar eg på skodespelaryrket, seier Haugen.

Cosplay, som er ein konkurranse der folk kan rekonstruere kostymar og karakterar frå anime, dataspel, filmar og teikneseriar, var også populært i helga. Den unge teikneserieskaparen har derimot ingen planar om å kle seg ut.

– Nei, Cosplay skal eg ikkje vere med på. Det blir for nerdete, meinar han.

Haugen er ikkje den einaste som synest at det å kle seg ut er litt for mykje. Med flosshatt, skinnbukser og ei jakke printa med teikneseriar for å toppe det heile, er Arild Wærness, Raptus-general, einig.

– Mange av dei som er med på Cosplay, spelar ofte rolla heilt ut. Dei har ofte sverdkampar og liknande. Dei er rimeleg nerdete dei som gjer det, uttalar Raptus-generalen.

Den gode historia
Sjølv om teikning er ein viktig del av festivalen, er det ein ting som veg enda tyngre.

– Viss du ikkje har noko å fortelje, finn noko anna å gjere, rådar Wærness.

Men gode forteljarar var det nok av i helga. Raptus-festivalen kunne blant anna skilte med gjester som Martin Kellerman, Mike Perkins, Gunnar Staalesen og Mike Carey.

– Grip dei som du er fan av, snakk me dei, spør om tips, det er no du har sjansen, seier Wærness om besøket av dei store forteljarane.

Ninjaer og demonar
Sjølv om Cosplay har vorte stempla som nerdete, er det likevel mange modige som vel å delta. Laurdag var det ville tilstandar og ein kunne finne både ninjaer, kattar og demonar på Kvarteret. June Tveit kom heilt frå Sandnes for å vere med på kostymefesten.

– Eg har kledd meg ut som Hard K. Knot. Han er ein figur frå «Heavens Love» som er ein japansk serie. Eg likte han så sinnsjukt mykje fordi eg kjenner meg att i figuren. Han er sint, men eigentleg så treng han berre nokon som kan stille opp for han, seier Tveit, som likar at ho kan leve seg inn i rollen:

– Han jobbar som modell og er veldig kul. Sjølv om han er sint går eg ikkje rundt og er sint på alle, men dersom andre spelar rolla si kan det hende eg seier eller gjer ting som han ville gjort.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

Raptus – Bergen Tegneseriefestival

– Raptus Tegneseriefestival er Noregs største og eldste seriefestival, og har blitt heldt i Bergen kvart år sidan 1996.
– Var frå 8.- 11. september.
– Arrangerar blant anna ulike kurs, foredrag, konkurransar og stuntshow i Cosplay.
– Gjestane under Raptus 2011 var blant anna Arild Midthun, Bård Lilleøien, Øistein Kristiansen, Gunnar Staalesen, Lucy Knisley, Mike Carey, og Martin Kellerman.
– Blir arrangert av TIB – Tegneserieforeningen i Bergen.