– Lat elevane spela!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gemini.no skriv om professor Alf-Inge Wang ved NTNU, med Super-Mario på kontorveggen og dataspel som ein viktig del av arbeidskvardagen.

 Han vil sjå meir dataspel i klasseromma.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

– Teknologi i utdanninga kan gi meir motiverte elevar, gjera dei meir engasjerte og få dei til å læra lettare, seier Wang til Gemini.

Han er professor ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap ved NTNU, og har lagt fram eit forslag om ein spelbasert læringsplattform, laga av ulike forskingsgrupper innan feltet.

LES OGSÅ: Bør norsken kuttast frå dataspel?

Wang har allereie hatt ein viss suksess med kjærleiken for dataspel i klasserommet. Han sto bak Kahoot, som kom ut i 2013. Kahoot er eit quiz-program der spørsmåla blir presentert på storskjerm og elevane svarar på smarttelefonar, kvar for seg eller i grupper. Så får dei ein poengsum basert på kven som svarar rett raskast.

Kahoot har no meir enn 23 millionar brukarar, og ein million dagleg, ifølgje Gemini.no.

Du kan lesa meir om Wang sine tankar om dataspel i klasserommet hos Gemini.no

LES OGSÅ: Lærer raskare med dataspel

Det er fleire enn Wang som meiner at dataspel kan ha god effekt på læringa. Mellom anna har eit forskarteam ved Universitetet i Toronto komme fram til at hand-auge-koordinasjonen din blir betre av å spela actionspel. Ei anna studie ved Oxford syner at ungdom som spelar litt er meir sosialt tilpassa enn dei som ikkje spelar i det heile.

Det er med andre ord mange grunnar til å plukka opp spelekontrollen.

LES OGSÅ: Litt gaming skadar ingen