Resten av verda ser mot oss i vantru – korleis klarde me å nesten utrydda ulovleg nedlasting av musikk i Noreg?

 Rapprten frå IFPI for 2014, som gir ei oversikt over musikksalet i Noreg for fjoråret, viser eit par poeng som er lite overraskande – strøyming av musikk dominerer meir enn i fjor, sal av fysisk musikk går ned, og Donkeyboy hadde den mest spelte låta på radio i fjor.

Men eit punkt i rapporten har vekt oppsikt hos musikkbransje og journalistar over heile verda – ei undersøking gjort av IFPI syner at ulovleg nedlasting er praktisk talt ikkje-eksisterande her i Noreg.

Nedlastingsgraf1

Denne grafen syner kor mykje ulovleg nedlasting har gått ned dei siste fem åra. Tala kjem frå ei undersøking gjort av IFPI.

LES OGSÅ: Lovlydige lyttarar

Eit betre tilbod
IFPI spurde sist om nordmenn sine piratvaner i 2009. Den gong var resultatet meir nedslåande, og heile 70 prosent av folket under 30 år lasta ned musikk ulovleg. I 2014 er det berre 4 prosent som svarar det same.

– På fem år har me altså nærast utrydda ulovleg fildeling frå musikkindustrien. Me har klart å få tilbake ein sunn økonomi i musikknæringa, skriv Marte Thorsby, administrerande direktør i IFPI, i rapporten.

Music Business Worldwide meiner årsaka til suksessen er klar– me har fått eit betre tilbod.

I rapporten til IFPI kjem det fram at strøyming av musikk er totaldominerande i Noreg – 75 prosent av musikk-inntektene kjem herifrå, ein oppgang på ti prosentpoeng frå i fjor.

Men biletet er framleis i endring, trur Marte Thorsby.

LES OGSÅ: Thea Hjelmeland sitt år

Suksess med kvalitet
Wimp, det norsk-svenske selskapet som nyleg vart kjøpt opp av Jay Z for 464 millionar svenske kroner (han kjøpte selskapet Aspiro, som driv Wimp, red.anm), kan vera noko av grunnen til at strøyming har blitt så sterkt etablert i Noreg at det utkonkurrerer piratane.

Wimp har dei seinare åra fokusert hardt på si Hifi-teneste, som tilbyr høgare lydkvalitet på musikken. Tenesta kostar dobbelt så mykje som konkurrenten Spotify, men gjer det likevel godt. I fjor hadde Wimp 512.000 betalande brukarar.

– Me ser i alle fall at nordmenn er villige til å betala. Storkonsumentane av musikk tykkjer det er svært billig med 99 kroner per månad for musikktilgang både heime og på farta, til dømes samanlikna med prisen på ein CD, seier Kristin Eldnes, kommunikasjonssjef i Wimp.

LES OGSÅ: Vinjerock utseld på 10 sekund

Tidleg krøkast
Tilbodet me har på strøymetenester i Noreg – til dømes Spotify og Wimp, er kvalitetstenester som gir eit godt tilbod, men det er fleire grunnar til at piratverksemda er nær utrydda på berre fem år.

Silje Larsen Borgan i plateselskapet Warner Music tek godt imot tala frå IFPI.

– Dette er jo strålande tal. Det betyr at me har funne ein forretningsmodell i strøyminga som er forbrukarvennleg og eit naturleg val for mange unge i staden for å lasta ned ulovleg, seier ho.

Larsen Borgan trur ny teknologi og ein ny mediekvardag har mykje å seia for suksessen til strøyminga.

– Inntrykket vårt er at tilgjengelegheita og utvalet seglar opp som viktige faktorar for forbrukarane. Eg trur at då strøymetenestene dukka opp og hadde både enkelt brukargrensesnitt og enormt utval, vart det enklare å vera ærleg, enklare å ha heile verda i lomma utan å leita opp filer ulovleg, seier Larsen Borgan.

– Ungdommar i dag har ikkje eit nært forhold til det fysiske format, knapt nok nedlasting via iTunes. Men dei veks opp og får Spotify-gåvekort til jul. Me etablerer tidleg vaner som inneberer å betala for musikk på den eine eller andre måten, legg ho til.

EdSheeranstreaming

Moglegheita til å høyra på til dømes Ed Sheeran på farta er viktig, og med til dømes Spotify finst ei enkel løysing. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Ikkje prøv deg, pop-babe!

Er nordmenn ærlegare?
Men – er det noko spesielt med nordmenn som gjer at me vender ryggen til ulovleg nedlasting?

– Eg trur ikkje nordmenn er ærlegare enn andre, eller meir opptekne av musikk enn andre, sjølv om det at me er kjøpesterke kan gjera betalingsviljen større, trur Larsen Borgan.

– Men i bruken av denne musikkteknologien har me saman med Sverige hatt eit lite forsprang dei siste åra, legg ho til, og samanliknar med Finland der fysisk format heldt seg større enn digital musikk heilt fram til i fjor.

LES OGSÅ: Rocketerapien

I startgropa
– Samstundes må me ikkje gløyma at me berre er i strøyme-universet sin spede start, og me vil mest truleg sjå store endringar også i åra som kjem, skriv Marte Thorsby i IFPI-rapporten for fjoråret, og peikar på at strøyming av musikk framleis er eit ungt fenomen som vil endra seg mykje.

Det trur òg Fono, interesseorganisasjonen for norsk platebransje, ifølgje Ballade.no. Fono held Spotify-kurs for ein platebransje som kanskje har unngått å omfamna strøymetenestene litt for lenge.

– Nokon har nedprioritert dette, og det er ikkje alle som har brydd seg like mykje fordi det ikkje har vore så mykje pengar i Spotify for nokre aktørar. No er det større merksemd rundt at Spotify er komme for å bli. Då forstår fleire at ein må utnytta det maksimalt, seier styreleiar Larry Bringsjord i Fono til Ballade.

LES OGSÅ: Krev meir norsk musikk i NRK

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE