Endeleg avklart: Det blir skuterløyper
Etter ein ekstrem runddans i departementet, får prøvekommunane no offisielt ja til å vidareføre ordninga med skuterløyper også i vinter.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Avklart: Det blir skuterløyper
Det vil seie, dei får vidareført løypene i det som er att av vinteren, i og med at me alt er i februar månad.
Det er klart etter at Stortinget torsdag ettermiddag samrøystes vedtok eit lovforslag fremja av tre representantar frå Høgre og Frp. Det må handsamast ein gong til i Stortinget tysdag, men det er ein rein formalitet.
Det er Høgre som har hand om Klima- og miljødepartementet, som fyrst laga eit forslag til mellombels forskrift for Vinje og dei andre prøvekommunane, deretter avviste forskrifta ein månad seinare. Departementet nekta å gje innsyn i dokumentasjonen som låg til grunn for avslaget.
Stortingsrepresentant Solveig S. Abrahamsen (H) frå Seljord kallar den nyaste avgjerda om å seie ja til lovforslaget for sunt bondevett. Ho beklagar at det tok så langt tid å få ei avklaring på plass, og legg til at ho er veldig nøgd med resultatet.