– Det er langt frå Kautokeino til Grünerløkka

I dag er samane sin nasjonaldag. Samar flest bur ikkje i lavvo.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samisk og norsk

– Eg held på å laga, vil du ha kaffi? 

I ei leilegheit på Grünerløkka kvernar Aslak Heika Hætta Bjørn kaffi i ei elektrisk kvern. Den har han fått av bestemor i Kautokeino. Ho fekk kverna i gåve sidan ho hadde kverna kaffi for hand i alle år.

QUIZ: Kva veit du om samar og samisk kultur?

Søringsamar
For eit halvt år sidan flytta 22-åringen sørover frå Tromsø til Oslo, og vart ein del av det mange hevdar er den største samekommunen i Noreg.

– Eg veit ikkje kvar dei har det i frå. Talmessig trur eg det er flest i Tromsø, medan prosentdelen nok er størst i Kautokeino. Men det er nok noko sanning i det. Det er ikkje noko nytt at folk nordfrå flyttar nedover, medgjev Aslak.  

Sjølv er han oppvaksen i Pasvik i Sør-Varanger. Far er sjøsame frå Lyngen i Troms, men det er frå Kautokeino han har fått dei fleste av sine samiske impuls i oppveksten.

Bestemor med kaffikverna og resten av slekta på morssida er fastbuande samar i Kautokeino. Dei har ikkje hatt rein på lang tid.

LES OGSÅ: Kven bryr seg om Sametinget?

Samsk vs norsk
Han er norsk. Og han er samisk.

– Føler du at du har ei dobbeltrolle?

– Både ja og nei. Eg føler at identitet er ein heilskap. Eg er ikkje same-Aslak og norske-Aslak. Eg er begge deler, både norsk statsborgar og med i samemantalet. Sjølv om eg går med kofte på 17.mai er eg ikkje ein del av ein samisk delegasjon. Det blør over i kvarandre. Men på same måte som eg kjenner meg meir nordnorsk enn norsk, så kjenner eg meg nok meir samisk enn norsk, fordi det er noko nært og lokalt, forklarar Aslak – på finnmarksdialekt.

Å føle seg like heime i begge rollene er vanleg ifølgje professor ved Universitetet i Bergen Kristin Strømsnes. Ho er i desse dagar aktuell som forfattar av «Den samiske medborgeren».

– Våre funn syner at det i liten grad eksisterer eit konkurranseforhold mellom det samiske og det norske og at det er fullt mulig å samtidig være både samisk og norsk, forklarar samfunnsforskaren.

LES OGSÅ: – Enklare å bruka samisk på sosiale medier

Aslak2
Den samiske identiteten er med på flyttelasset til Aslak.

Sameprosenten
I stova på Løkka vert ein Joy Division-plakat lyst opp av den skarpe februarsola.

Aslak drikk presskannekaffi av ein Mummi-kopp.

Kjærasten Ingrid sine selskinnstøvlar står i gangen. Vesterålingen er òg same, sjølv om namnet hennar ikkje er like avslørande som Aslak.

– Det var faktisk eg som fekk ho til å melde seg inn i samemantalet, seier Aslak stolt.

For å verte innført i samemanntalet må ein erklæra at ein oppfattar seg som same. I tillegg må ein anten sjølv ha samisk som heimespråk, ha ein forelder, besteforelder eller oldeforelder som har hatt samisk som heimespråk, eller vere barn av ein som er registrert i samemanntalet.

– Eg tykkjer ikkje ein treng rekne prosent på kor samisk ein er. Samstundes hadde det vore litt rart om nokon med samiske røter lenger bak enn oldemor kalla seg samiske, funderer filosofistudenten Aslak.

Til stortings- og sametingsvalet i 2013 var i overkant av 15.000 personar registrert i samemantalet. Sidan mantalet berre består av personar over 18 år som sjølv har skrive seg inn, er talet på samar i Noreg langt høgare.

Akkurat kor mange samar som finst i Noreg finst det ikkje oversikt over. Difor er det vanleg å gjere eit anslag ut ifrå kor mange som bur i samiske område, i 2013 var dette om lag 55.000. 

LES OGSÅ: Snakk samisk t’ mæ

– Eg fekk mykje dritt
Det samiske flagget pyntar opp i ei potte saman med ein avblomstra orkidé. Det er eigentleg det einaste tydlege teiknet på at bebuarane er samiske.

Aslak har alltid vore bevisst på den samiske bakgrunnen sin, sjølv om det ikkje alltid har vore like lett å vekse opp som same i ei lita Finnmarksbygd.

Pasvik var den siste norske grensa som vart teikna opp i 1826. Der budde både russerar, skoltesamar og finnar. Med den nye grensekonvensjonen vart området kolonisert med folk sørfrå, som fekk tilbod om land.

Som elles i nord vart samiske ungar sendt langt heimefrå på internatskular der dei ikkje fekk lov å snakke språket sitt. Aslak har sjølv jobba på Sør-Varanger museum, som held til i dei gamle lokala til Strand-internatet frå 1905.

– Eg likar å gå i kofte og kommunisere at eg er same, fordi eg tykkjer det er ein kul del av min identitet. Men det er framleis mange som ikkje er stolte over det. Det ligg nok ein forakt ikkje så djupt nedgravd hjå mange, meiner finnmarkingen, som minnast at det ikkje var kult å gå med kofte på 17.mai då han var liten.  

– Blant ungdommen var det ikkje kult å vere samisk, noko dei nok hadde arva av foreldra sine. Eg fekk mykje dritt fordi eg vaks opp i ein liten kommune som vart hardt råka av fornorskinga, men for foreldra mine var det aldri aktuelt at eg ikkje skulle gå med kofta.

LES OGSÅ: Dei grøne vil ha fri på samedagen

Aslak4
Aslak er stolt over Lyngen-kofta, som tanta har sydd. 

«Bur du i lavvo?»
Sidan vidaregåande har Aslak vore stolt av sin samiske identitet og merkar at han har fått meir støtte med åra. Folk tykkjer det er kult å ta bilete med han i Lyngen-kofta.

– Det har vorte mykje lettare å vere same, spesielt då eg flytta til Tromsø der det var fleire andre samar. Då eg starta på Universitetet i Tromsø høyrde eg folk prata samisk i gongane. Det var kult, smilar Aslak.

Som same har han fått mange spørsmål opp igjennom åra. «Har du rein?» og «Korleis kan du vere same når du ikkje har rein?» er klassikarar.

– Dei mest crazy spørsmåla fekk ein som kid. Me var på leirskule i Kristiansand med ein klasse frå Hønefoss. Dei hadde ikkje lært nokonting. Dei spurde: «Bur du i lavvo?» og «Har du sett ein frossenpizza?»

LES OGSÅ: Kvar er dei homofile samane?

Språkbarriere
Ein anna gjengangar er om han kan samisk. Eit legitimt spørsmål, tykkjer samen i sør.

– Eg kan det ganske godt fordi eg hadde det på vidaregåande, men eg klarar ikkje å henge med når venene mine snakkar. Eg kan spørje om dei vil ha kaffi. Kaffi er ikkje så vanskeleg for det er eit lånord frå norsk, forklarar Aslak, som har planar om å melde seg på eit språkkurs.

I likheit med dei fleste samar snakkar han nordsamisk. Han trur ikkje foreldra følte seg stødige nok til å lære han opp i språket heime. Dei var likevel medvitne på at han skulle ha samisk som andrespråk på skulen.

– Eg lagar ikkje samisk mat, men eg bruker kofta. Den samiske levevegen er veldig moderne og det å flytte rein stikk ikkje djupt i meg, men eg har stor respekt for dei som gjer det, seier Oslosamen, som på fritida syng i hardrockbandet Ondt blod.

LES OGSÅ: Fleire bur i samiske område

Gjeddeskinn i kaffien
I år skal Aslak for fyrste gong synge Samesongen på rådhuset i Oslo. Før det vert feiring på Samisk hus med kaker. Og kaffi såklart.

– Kaffi er faktisk ein stor del av samisk kultur. Reineigarane tok kaffien til seg fordi han var varm og verka oppkvikkande når dei var ute på vidda. Dei hadde faktisk gjeddeskinn oppi kaffien for å tiltrekke seg gruten. Det må ha smaka forferdeleg, avsluttar Aslak.