Politikarar, organisasjonar og advokatar reagerer alle på regjeringa sitt forslag om å forby medverknad til tigging.

Faktaboks

Forslaget om nasjonalt tiggeforbod har skapt debatt i snart eit år.

Regjeringa vil innføra tiggeforbod for å stansa organisert tigging, som kan utnytta menneskjer.

No har regjeringa lagt fram eit nytt lovforslag om tiggeforbod i to versjonar. I eit av dei er også medverknad til tigging ulovleg, og blir straffa med opp til eitt år i fengsel.

Definisjonen av medverknad er slik: «Medvirkning tar sikte på alle former for bistand og ytelser som legger til rette for at det kan være mulig å utøve tigging eller for at tiggingen skal bli mer effektiv»

Advokat Jon Wessel-Aas meiner det i ytste konsekvens betyr at du kan bli straffa for å gi ein tiggar suppe eller eit teppe.

Leiar for Røde Kors Ungdom, Espen Breivik, meiner det er viktig å skilla mellom organisert tigging og organisert kriminalitet.

– Organisert er ikkje einstydande med kriminelle handlingar og bakmenn som tener på å utnytta tiggarar. Familiar som saman reiser for å tigga råkast også av ein definisjon som organisert. Kriminalitet er allereie kriminelt, seier han.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Forslaget viser tydeleg kor dårleg det står til med den prinsipielle tenkinga i regjeringa. Eg er sjokkert over kor langt dei er villige til å gå i sitt forsøk på å straffa menneskje som ber om hjelp, seier Emil André Erstad, leiar i KrFU.

Han er ein av mange som er kritiske til lovforslaget regjeringa la fram i dag. NRK melder i dag at regjeringa har sendt eit nytt lovforslag for tiggeforbod på høyring, med frist 15. februar.

Lovforslaget er sendt ut i to versjonar, og i ein av versjonane blir det foreslått at medverknad til tigging skal straffast like hardt som organisert tigging – med opp til eit års fengsel.

LES OGSÅ: «Eit av verdas rikaste land vil forby tigging»

Kan ikkje forby å be om hjelp
Røde Kors Ungdom er blant organisasjonane som har gått imot lovforslaget om eit nasjonalt tiggeforbud. Leiar Espen Breivik meiner eit slikt forbod vil gjera ein vanskeleg situasjon verre for ei sårbar gruppe.

– Røde Kors Ungdom meiner at å innføra tiggeforbod er eit steg i feil retning for det norske samfunnet. Me ønskjer eit samfunn der alle skal kunne be sine medmenneske om hjelp. Det å tigga er ein måte å be andre menneske om hjelp, det kan me ikkje forby, seier Breivik.

Røde Kors driv eit overnattingstilbod saman med Kirkens Nødhjelp for fattige tilreisande. Breivik meiner eit tiggeforbod er brot på grunnleggande rettar for denne gruppa.

LES OGSÅ: Opnar for kommunale tiggeforbod

Problematisk
Advokat Jon Wessel-Aas har tidlegare uttalt seg kritisk til lovforslaget, og har sjølv tilbydd å jobba gratis for å forsvara tiggarar som blir råka av tiggeforbodet.

– Den største utfordringa er tanken om å forby menneske å be om hjelp, fredeleg og passivt. Me har allereie forbod mo alle dei andre handlingane ein vil kjempa imot; aggressiv tigging, forsøpling, menneskjehandel og anna kriminalitet, skriv han i ein e-post til Framtida.no. Han legg til at eit generelt forbod mot å stå passivt og tigga kan skapa problem med ytringsfridomen, reint rettsleg.

– Dette hoppar høyringsnotatet glatt over, seier Wessel-Aas.

LES OGSÅ: – Tiggeforbodet er avskyeleg

Ein vid definisjon
Forslaget som vil gjera medverknad straffbart på lik linje med sjølve tigginga, inneheld ein definisjon på kva medverknad faktisk er. Dette står i lovforslaget:

«Medvirkning tar sikte på alle former for bistand og ytelser som legger til rette for at det kan være mulig å utøve tigging eller for at tiggingen skal bli mer effektiv»

– Her blir du i ytste konsekvens råka om du gir ein tiggar suppe eller eit teppe, fordi du veit at du «sørgar for forsyningar eller utstyr for ein person for at vedkommande skal kunne tigga», som det står i høyringsnotatet, seier Jon Wessel-Aas.

Han påpeiker og at definisjonen av «organisert tigging», som lovforslaget skal jobba imot, kan tolkast breitt.

– Det kan vera nok at ei kone og ein mann avtalar å sitta på kvart sitt fortau, og at dei så deler utbyttet, seier Wessel-Aas.

– Ein vid definisjon gjer at mange truleg vil råkast og kriminaliserast. Ein familie kan sjåast på som organiserte og difor råkast, seier Breivik i Røde Kors Ungdom til det.

LES OGSÅ: Snakk ut!

Hindrar ikkje organisasjonar
Det står i lovforslaget at forbodet om medverknad ikkje skal hindra frivillige organisasjonar som Røde Kors Ungdom å hjelpa tiggarar med til dømes overnatting, men Espen Breivik trur det er for tidleg å sei sikkert om lova vil påverka arbeidet til organisasjonen om det skulle bli offisielt.

– Me reknar med at hensikta med denne lova ikkje er å straffa frivillige organisasjonar. Difor er me ikkje redde for å bli råka av dette lovforslaget som organisasjon, men me er redde for kva eit slikt forbod gjer med samfunnet og med kvar einskild si medmenneskelegheit, seier Breivik.

I likheit med Espen Breivik, meiner Emil André Erstad at eit tiggeforbod er feil veg å gå.

– Me kan ikkje straffa menneskje som ber om hjelp. Ingen er for tigging, men det betyr ikkje at alternativet er å forby det. Eg likar ikkje at folk røyker heller, men å forby det er prinsipielt nesten umogleg. Det er trist at regjeringa ikkje tenkjer like prinsipielt om ei meir sårbar gruppe, seier Erstad.

LES OGSÅ: Politikarar tiggar i protest

Nødvendig å ta med
Statssekretær i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen (Frp) seier til NRK at det er nødvendig å ta med eit forbod mot medverknad, sjølv om det kan råka nordmenn som berre vil hjelpa.

– Det er fordi det er ei aktiv tilrettelegging av ein aktivitet som me ønskjer å få vekk. Då må me gi politiet heimel til å slå ned på at det blir lagt til rette for at folk kjem hit, gjerne i større grupper, for å tigga, seier han.

Breivik i Røde Kors Ungdom meiner det er viktig å skilja mellom organisert tigging og organisert kriminalitet.

– Organisert er ikkje einstydande med kriminelle handlingar og bakmenn som tener på å utnytta tiggarar. Familiar som saman reiser for å tigga råkast også av ein definisjon som organisert. Kriminalitet er allereie kriminelt, og me har lovar som kan dømma dei som til dømes driv med menneskjehandel, seier han.

LES OGSÅ: Ingen «tiggarinvasjon»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE