Bli kvitt reklamen med denne
Ei studentbedrift i USA har laga eit filter som sensurerer all reklame rundt deg. Men det er kanskje ikkje eit stilsikkert alternativ.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Internation Business Times skriv om «Brand Killer», eit par briller som blokkerer ut alle logoar rundt deg, for ein reklamefri kvardag.
LES OGSÅ: Filmfavoritt vart laga med iPhone
Studentbedrifta bak «Brand Killer» har kasta seg inn i VR-kampen (Virtual Reality) med ein slags variant av Google Glass – om enn i ei litt mindre kledeleg utgåve, i alle fall enno. Med programvaren dei har utvikla plukkar brillene opp alle logoar rundt deg, og sensurerer reklamelogoar.
Sjå ein demonstrasjon av «Brand Killer» her:
LES OGSÅ: Google vil ha kortare arbeidsveker
Programmet Adblock Plus, som blokkerer reklamar i nettlesaren din, har tydelegvis vore innom tanken sjølv, utan å ha sett det som eit realistisk alternativ. For kort tid sidan la dei ut denne vitsen om eit samarbeid med Google Glass:
We're very happy to see that @AdblockPlus for @projectglass works! Adblocking IRL FTW:) pic.twitter.com/8xUKRdHUeN
— Adblock Plus (@AdblockPlus) April 11, 2013
LES OGSÅ: Ingen bak rattet