Åsatruforbundet på Island skal i mars gå i gang med å reise eit eige åsatru-tempel i Reykjavik.

Tempelet blir det blir det første i sitt slag på 1.000 år.

Det 350 kvadratmeter store forsamlingshuset med plass til 250 menneske skal stå ferdig neste sommar, skriv avisa Morgunbladid.

LES OGSÅ: Dette er jihad

Prisen er på i overkant av 8 millionar kroner, ein sum som dei rundt 2.400 medlemmene må reise sjølve. Tomta har dei fått i gåve av kommunen.

I ei rundspørjing som vart gjort i haust, var 49 prosent av islendingane positive til bygginga av eit åsatru-tempel i hovudstaden, mens berre 29,7 var positive til å få reist ein moské i byen.

Den nyheidenske åsatrua er inspirert av den norrøne mytologien og tolkar samtida ut frå den gamle norrøne idéverda.

LES OGSÅ: Stor vekst i unge personlege kristne

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE