Framstegspartiet lovar øyremerkte pengar til det nye dyrepolitiet som skal opprettast.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Her er det ikkje snakk om å ta pengar frå vanleg politiarbeid, ingen av dei andre viktige politioppgåvene skal nedprioriterast. Her er det snakk om å gi meir ressursar til politiet, og øyremerke pengar til dyrepolitieininga. Vi har lovt politiet meir ressursar i åra framover, seier Frps landbrukspolitiske talsmann Morten Ørsal Johansen til Nationen.

LES OGSÅ: FpU: – Dyrepoliti førebyggjer mishandling av menneske

Sør-Trøndelag først ut
Frp kjem dermed Høgre i møte. Stortingspolitikar Linda Hofstad Helleland og nestleiaren i justiskomiteen Anders Werp har begge sagt at det blir feil dersom politiet skal prioritere dyrevelferdssaker framfor anna viktig kriminalitet.

Utsegnene til Ørsal Johansen til Nationen er i strid med det som Frps statssekretær i Justisdepartementet Hans Røsjordet signaliserte i førre veke. Då sa Røsjordet at politiet må klare seg innanfor dagens økonomiske rammer. Ørsal Johansen kommenterer dette slik til Nationen:

– Eg skal ta meg ein prat med Røsjordet, eg.

Det var i førre veke at landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) varsla at regjeringa skal sette i gang eit forsøk med dyrepoliti i Sør-Trøndelag. Deretter er planen å innføre ordninga også i andre politidistrikt. (©NPK)

LES OGSÅ: Cirkus Arnardo droppar elefantane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE