Onsdagsavisa til Aftenposten er noko annleis – her har ungdommen stått i kulissane og styrt journalistane.

Det er i høve tiårsdagen til Si;D, Aftenposten sin debattredaksjon for ungdom, at heile onsdagsavisa blir dedikert til ungdommen. På framsida står ein spådom om korleis ungdomslivet blir i Noreg i 2040, og gjennom heile avisa har 10 ungdommar vore gjesteredaktørar.

– Me er veldig takknemlege for å bli tatt så seriøst. Då eg fekk beskjeden først trudde eg det berre var ein liten del, men å gjera heile avisa til ein ungdomsavis har stor symbolverdi, seier Pamir Ehsas (21), som var vore med i arbeidet med avisa.

– Då eg vart kontakta på Facebook, tenkte eg at dette var det stiligaste nokon gong. Det artigaste var at me starta med små idéar, og no ser me at dei ligg dei på framsida. Det er ganske surrealistisk, held han fram.

DeiTre

Gjermund Claussen-Bekkelien (16), Agnes Nærland Viljugrein (18) og Pamir Ehsas (21) er tre av ti gjesteredaktørar i Aftenposten, i høve Si;D sitt tiårsjubileum. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Ungdomsreformen

Styrte journalistane
Då Framtida.no var innom Aftenposten tysdag ettermiddag, i sjølve innspurten, var tempoet høgt. Pamir Esas venta saman med Agnes Nærland Viljugrein (18) og Gjermund Claussen-Bekkelien (16), som òg har bidrege mykje i arbeidet. Dei er på veg ut døra med eit kamera for å laga ein fem-på-gata.

– Dette er folk som jobbar som journalistar til vanleg, men når me kjem med idéar, som denne videoen, blir det tatt på alvor og gjennomført med ein gong, seier Claussen-Bekkelien.

I onsdagsavisa har ikkje ungdommen skriva alt, men dei har forma innhaldet i stor grad, komme med innspel – til og med kommandert journalistane rundt sjølve.

– Plutseleg får du sjefa over journalistar som kanskje er vande med å bestemma mykje meir sjølv. Av og til blir eg usikker på om dei tek seg nær av det, men dei tykkjer faktisk det er interessant, så dette er veldig gøy, seier Agnes Nærland Viljugrein.

– Eg gjorde eit heilt intervju sjølv, og fekk mykje tilbakemelding frå folk som er ordentlege journalistar, framfor ein norsklærar som kanskje ikkje eigentleg veit korleis ein skriv ein nyheitsartikkel, held ho fram.

Ingvild Berg er ansvarleg for Si;D i Aftenposten, og forklarar kvifor ungdommen fekk styra heile avisa.

– I starten tenkte me å berre fylla heile debattseksjonen med ungdomsinnlegg, men etter kvart vart det foreslått å gi heile avisa til ungdommen. Me tenkte at det ikkje kunne skada å spørja, og så var alle avdelingsleiarane veldig med på idéen. Ingen murra om det, i alle fall ikkje høgt, seier Berg.

– Dette er jo noko Aftenposten aldri har prøvd før. Utfordringa låg i å finna ut kor mykje me skulle bruka ungdommane, og kva dei faktisk skulle gjera. Men me var veldig heldige med dei me har jobba med. Allereie på idémyldringa kom dei med ei lang liste med idéar, held ho fram.

IngvildAgnes2

Både Agnes Nærland Viljugrein (t.h.) og Ingvild Berg lærte mykje av samarbeidet. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Dei yngste på Stortinget

Leie av SoMe
Det er ikkje berre dei unge som har lært noko av dette samarbeidet.

– Me lærte utruleg mykje av å jobba med ungdommane, og fekk mange openbaringar me skulle ha tenkt på sjølv. Det me såg var til dømes at ungdommane ønska seg fleire faktaboksar som forklarte sakene, og meir bilete. Det som kanskje overraska meg var at det ikkje kom nokon idéar om sosiale media til denne avisa. Det er ofte noko dei vaksne journalistane går til når dei skal appellera til ungdom, så det var ungdommane sjølv lei av, seier Berg.

Onsdagsavisa blir ikkje forenkla eller dumma ned, fortel Berg og ungdommane som har jobba med Aftenposten. Det blir berre litt annleis.

– Det er nokre saker som er viktige, men som ikkje kjem ut til ungdommen. I artikkelen om ungdomslivet i 2040 er det til dømes litt mykje som ikkje er spennande, til dømes kor mange timar ein må jobba. Men så har du ein del om auka mangfald i Oslo som viskar vekk dei etniske skilja me har, og det skapar spenning og debatt som ungdom likar, fortel Pamir Esas.

LES OGSÅ: Ungt engasjement

Tek imot avisa med stor glede
Andrea Sjøvoll, leiar i Press, har ofte uttalt seg om at ungdom slepp for lite til i samfunnsdebatten.

– Eg trur det er fordi unge ikkje blir sett på som ekspertar på noko, eller som ein del av den vanlege samfunnsdebatten. Det er fordi ein ikkje har stemmerett og den erfaringa det blir lagt så mykje vekt på, ein høyrer ofte at «du vil forstå når du blir eldre», seier Sjøvoll.

Ho er begeistra for Aftenposten si ungdomsutgåve, og håpar lesarane vil reagera som Press.

– Me vil ta imot avisa med stor glede, og me håpar andre gjer det same. Eg håpar folk tek det seriøst, og ikkje ventar på ei "vanleg avis" dagen etterpå. Det blir ei vanleg avis der folket si meining kjem fram, unge er òg ein del av folket.

Pamir Esas trur det er ei myte at ungdom ikkje slepp til i samfunnsdebatten.

– Eg trur det er ei myte at ungdom ikkje slepp til. Når eg verkeleg ville sleppa til med ei sak eg brann for skreiv eg eit innlegg til Si;D, og det kom på trykk. Det vart fulgt opp, og folk høyrde om det.

Gjermund Clausen-Bekkelien (16) jobba òg mykje med avisa, og var mellom anna på slottet for å intervjua HMK Harald V.

– Eg trur mange kviar seg til å prøva, fordi dei tenkjer at det ikkje vil nytta å uttala seg i media uansett. Eg håpar at me kan få vist kor enkelt det er med denne avisa, og startar ein gnist, seier Clausen-Bekkelien.

Andrea-Sjovoll-2

Andrea Sjøvoll, leiar i Press, meiner ungdom ofte blir stengt ute frå samfunnsdebatten. Ho ønskjer onsdagsutgåva til Aftenposten velkommen. Foto: Presse

LES OGSÅ: Ungdom blir diskriminert i samfunnsdebatten

Interesserer seg for ulike ting
At ungdom ikkje er engasjert i ting, er ei anna myte som bør avlivast, ifølgje Agnes, Pamir og Gjermund.

– Ungdom interesserer seg for ulike ting. At nokon ikkje interesserer seg for politikk skapar fort eit bilete av heile ungdomsgenerasjonen. Men å seia at dei ikkje bryr seg om noko som helst blir feil, seier Pamir.

– Me lagar ei spalte som heiter «Mi hjertesak», der alle i redaksjonen skulle spørja to ungdommar om kva dei brydde seg om. Det synte seg at sjølv om ikkje alle bryr seg om Ukraina, er alle opptekne av noko. Det er berre ikkje det same som vaksne, seier Agnes.

– Ungdom er engasjerte, det er berre mykje ulikt dei er engasjerte i, legg Gjermund til.

LES OGSÅ: På nikk med makta

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE