Slaktar karakterkravet til regjeringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slaktar nye karakterkrav

Artikkelen var først i Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Frå hausten 2016 aukar inntakskravet i matte på lektorprogramma og grunnskulelærarutdanninga (GLU) frå karakter 3 til 4. I tillegg vil kunnskapsdepartementet på sikt vurdera å skjerpa krava i norsk og engelsk. Norsk Studentorganisasjon (NSO) er djupt skeptiske, og syner til at Statistisk sentralbyrå har berekna eit underskot på 38 000 lærarar i 2025.

I tillegg vil GLU som i dag er ei fireårig utdanning utvidast til ein mastergrad.

– Me meiner at det å auka karakterkravet er heilt feil plass å starta for å få fleire gode lærarar. Me trur det blir færre, og ikkje fleire, kompetente og kvalifiserte lærarar som ein stramma inn dei formelle inntakskrava, seier NSO-leiar Anders Kvernmo Langset.

Han meiner eigning og pedagogisk talent bør vera viktigare for ein lærar enn reine karakterkrav.

– Ein må spørja seg om denne studenten er skikka til å undervisa barnet mitt. Det svaret finn ein ikkje i eit karakterkrav, seier Langset.

LES OGSÅ: – Lærarløft saknar støtte i forskinga

Sjå til Finland
Kunnskapsdepartementet (KD) syner på si side til Finland som konsekvent skårar betre på testar enn Noreg, og lærarutdanninga der har rykte på seg for å vera både krevjande og prestisjetung.

– Det må gjerast ei rekke tiltak for å auka interessen for å søka på lærarutdanningane. Me meiner at stilla høgare formelle krav er eitt bidrag for å auka status og interesse, skriv statssekretær Bjørn Haugstad på e-post til Universitas.

Statssekretæren peikar òg på at dei ulike institusjonane har høve til å bruka spesielle opptakskrav som intervju for å sjekka eigninga, om dei søkjer om det.

LES OGSÅ: Stadig fleire får tilbod om digital eksamen

Politisert
Lærarstudent Viktor Emanuel Johansson støtta NSO langt på veg i eit innlegg i Dagbladet førre veke. Han meiner det er enkelt å slå politisk mynt på lærarutdanning, men at ingen kjem særleg godt ut av det.

– Det er lett å sjå at skulesystemet ikkje fungerer så godt, med tanke på dårlege resultat i nasjonale og internasjonale testar. Då er det lett å ha ei meining om kva som skal gjerast, utan det det nødvendigvis fungerer så godt i praksis, seier Johansson til Universitas.

Studenten meiner alt som aukar kompetansen blant norske lærarar er positivt, men seier regjeringa sine tiltak er eit meiningslaust spel for å visa handlekraft.

– Læraryrket har mange dimensjonar, og pedagogisk talent og kompetanse er viktigare enn fire eller fem i dei tyngste faga. Det hjelp ikkje å vera ekstremt dyktig i matte om du ikkje greier å formidla det, seier Johansson.

LES OGSÅ: Tøffare krav til toppkarakter

Usikkert grunnlag
Mari Lande With, stipendiat ved Senter for profesjonsstudie på HiOA og Arne Mastekaasa, professor i sosiologi ved UiO, undersøkte konsekvensane av at ein sette karakter 3 som minstekrav for lærarutdanninga.

– Det å innføra karakterkrav i 2005 førte til at færre studentar falt frå, og at studentane gjennomførte raskare, seier With.

Men den auka inntaksgrensa stengde berre ute dei som elles ville trukke ned gjennomføringsgraden og farten. Om NSO har rett mista ein også fleire potensielt gode lærarar.

– Det er ingenting som tyder på at studiet blir meir attraktivt for dei med gode karakterar om ein aukar krava, seier With.

LES OGSÅ: Vil ha kritisk tenking i skulen

Forskarskepsis
Blant studentane som starta på GLU mellom 2005 og 2008 har omtrent 40 prosent under 4 i matte. Om kravet var 4 i norsk ville over halvparten ikkje ha komme inn, forklarar stipendiaten.

– Å heva krava er eit problem om ein ønskjer å rekruttera fleire lærarar, seier With.

Forskar Per Olaf Aamodt i Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning er også skeptisk til forslaget.

– Når me ligg an til å trenga såpass mange lærarar kan det henda det ikkje er så lurt å stenga ute så mange potensielt gode kandidatar, seier Aamodt.

Han meiner det er usikkert om regjeringa har støtte i forskinga for forslaget.

– Eg skjønnar godt tanken bak, men eg er ikkje så sikker på konsekvensane av det. Eg trur at truleg er det som skjer under lærarutdanninga og i praksis meir relevant, seier Aamodt.

LES OGSÅ: Noko skurrar i Oslo-skulen

Ein jobb for lærestadene
NSO trur eit sterkt fagleg løft av institusjonane, og større krav til studentane undervegs i utdanninga er ei meir fungerande løysing.

– Me stiller oss ikkje kritiske til auka faglege krav, men meiner desse bør stillast undervegs i utdanninga, ikkje før utdanninga startar, seier Langset.

Med dette trur NSO at ein unngår å mista søkarar som har det pedagogiske anlegget, men ikkje dei sterkaste karakterane.

– Hensikten med karakterkravet er å heva nivået på søkarane til lærarutdanninga – ikkje å stenga motiverte folk ute frå læraryrket. Difor vil det bli ein sjanse til å gjennomføra eit forkurs i matematikk for dei som ikkje har ein firar i faget frå vidaregåande, seier statssekretær Haugstad.

LES OGSÅ: No må studentar bevisa at dei ikkje bur heime

Heng ikkje på greip
– I dagens grunnskulelærarutdanning er det også slik at ein spesialiserer seg, og ikkje lenger slik at alle skal bli mattelærarar, slik ein vart tidlegare. Då heng det i alle fall ikkje på greip å auka krava i dette faget, seier NSO-leiar Langset.

Han er sjølv utdanna allmennlærer, og måtte ta matematikk som ein del av studia.

– Kvifor skal ein som skal bli lektor i historie og samfunnsfag bli møtt med krav om 4 i matematikk for å starta på utdanninga, spør han retorisk.

LES OGSÅ: Etterlyser kompetente musikklærarar

Bør sjå det an
Viktor Emanuel Johansson peiker på at det ikkje er så mange år sidan ein endra lærarutdanninga sist, og meiner det er over-ivrig å gjera det igjen så raskt. Sjøl om han er positiv til å gjera GLU til ein mastergrad trur han det er lurt å venta nokre år, så ein kan sjå korleis dagens lærarutdanning fungerer før ein omlegger den.

– Lærarane treng å få tilbake tilliten og fridomen til å gjera jobben sin, ikkje berre ein mastergrad, seier han.

LES OGSÅ: Færre mannlege lærarar