Eit parti som heiter Syriza gjorde eit brakval, og det kan bety ingenting eller ein domino-effekt over heile Europa. Her får du svar på det du lurer på om valet i Hellas.

Natt til måndag var det val i Hellas, og både resultatet og valet i seg sjølv har fått mykje merksemd. Det kan vera litt vanskeleg å absorbera kvifor dette valet får så mykje merksemd, og kva som gjer det så viktig. Det er rett og slett mange spørsmål som dukkar opp, og Erik Oddvar Eriksen, professor og senterleiar ved ARENA, kan svara på ein del av dei. ARENA er Senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo.

LES OGSÅ: Heilt gresk for meg

Kva er Syriza?
Syriza er eit anna namn for Koalisjonen av det radikale venstre, og vart skipa ved parlamentsvalet i 2004. Den gong fekk dei 3,3 prosent oppslutnad, og no har dei blitt det største partiet i landet. Leiaren for Syriza heiter Alexis Tsipras.

Sjølv om det høyres ut til at partiet er langt ute på venstresida, så er dei ikkje det. Erik Oddvar Eriksen samanliknar dei med Sosialistisk Venstreparti (SV) i Noreg, som òg er søsterpartiet til Syriza.

– Syriza er ikkje veldig venstreradikale utanom i namnet. Dei vil ha ein sterkare velferdsstat, og ønskjer eit oppgjer i kutt- og sparepolitikken til Hellas.

LES OGSÅ: På nikk med makta

Kva betyr det at Syriza vann?
Etter å ha motteke fellespakkar frå det som blir kalla troikaen – Det internasjonale pengefondet (IMF), EU-fondet (EUF) og Sentralbanken (SB) – har Hellas enorm gjeld dei må betala tilbake. Det fører til at det rett og slett ikkje er så mykje pengar i statskassa, og det mest radikale Syriza foreslår er å ikkje betala denne gjelda meir.

– Det er ikkje noko dei berre kan bestemma seg for, og difor er det så interessant å sjå kva som skjer i tida framover.

Etter at koalisjonen mellom Syriza og Uavhengige Grekarar vart presentert i dag, er det neste steget at Alexis Tsipras kjem til å pressa fram nye forhandlingar om nedbetalinga av gjeld til EU.

LES OGSÅ: Nja til EU

Kvifor vart det nyval i Hellas no?
Dette valet var ikkje eit tradisjonelt val i nasjonalforsamlinga, men vart nærmast til gjennom ein formalitet før jul. Då var det gjenval av den sitjande presidenten i Hellas, Antonis Samaras.

– Regjeringspartia måtte få støtte til sin presidentkandidat, men Syriza og andre sa nei til det for å framprovosera eit nyval. Dei visste at dei låg godt an på meiningsmålingane, og ønska ein annan politikk for landet.

LES OGSÅ: – Unge betalar den høgaste prisen

Er Syriza eit godt val for Hellas?
Det er vanskeleg å spekulera rundt kva som er det beste utfallet av eit val, men Eriksen trur Syriza kan vera eit godt val.

– Det er eit spørsmål om resultatet kan føra med seg endring. Syriza har mange med seg, både faglege ekspertar og god støtte gjennom Europa. Men utfallet er ikkje gitt på nokon måte. Det kan henda at dei får utsetta gjeldsbetalinga eller liknande, som lettar på den økonomiske situasjonen for Hellas, seier Eriksen. Han trur det blir vanskeleg å få til radikalt betre vilkår frå troikaen, som består av IMF, EUF og SB.

LES OGSÅ: – Ungdom i Europa må reddast

Kjem Hellas til forlata euro-sona?
Det er mykje spekulasjonar rundt Hellas sitt forhold til EU framover, og kva som vil skje dersom Hellas melder seg ut av eurosona – altså at dei sluttar å bruka euro som valuta. Rykta går om at Hellas allereie står klare til å skifta valuta til drakmer, men Eriksen trur ikkje det er eit veldig truleg utfall.

– Eg trur ikkje det endar med drakmer, og eg trur ikkje grekarane vil det heller.  Det er klart at det kan bli resultatet om dei set hardt mot hardt og ikkje får noko ut av forhandlingane, men det er ikkje noko dei ønskjer i utgangspunktet.

I så fall kan det føra til ein domino-effekt gjennom Europa, trur Eriksen. Det kan gjera at fleire land som har fått redningspakkar vil krevja nye forhandlingar om si eiga gjeld.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?

Korleis er økonomien i Hellas no?
– Hellas er ein litt mislykka stat, dei skulle aldri vore i eurosona i utgangspunktet, seier Eriksen. Han siktar til det som utløyste eurokrisa, og som gjer at Hellas har vore i den håplause økonomiske situasjonen dei har vore i.

Alt kan sporast tilbake til 2000, då Hellas vart med i eurosona i utgangspunktet. Det følgjer med ein del krav til å vera med i dette samarbeidet, og Hellas hadde pynta litt på sin eigen økonomi i utgangspunktet for å bli godkjend. Vidare tok dei opp lån frå andre land, for å bygga opp eigen økonomi. Det førte til ei falsk oppblåsing av eigen økonomi, og difor vart Hellas knallhardt råka av finanskrisa i 2008. Ein grundig og rask gjennomgang av eurokrisa kan du sjå her, hos NRK Skule.

Hellas fekk store redningspakkar, og Hellas er framleis nedtynga av gjeld. I fjor var det første året på lang tid der den greske økonomien gjekk i pluss, men mange reagerer på at det går for sakte.

– Sjølv om pila var på veg opp, står det dårleg til, i alle fall i offentleg sektor, med helsevesenet og sosialomsorgen. Dessutan er det stor arbeidsløyse. Det er rett og slett skrapa, seier Eriksen.

LES OGSÅ: Dette er jihad

Kven samarbeider Syriza med, og kva betyr det?
Syriza brukte ikkje lang tid på å finna sin regjeringspartner. Det blir det høgrepopulistiske partiet Uavhengige Grekarar, ifølgje NRK.

– Det virkar som eit greitt parti, sjølv om det er høgrepopulistisk. Dei vil halda på euroen, men samstundes endra politikken. Det er fint for Syriza å vera i ein kollisjon, det kan gi dei litt meir handlingsrom i forhandlingane. Og så vidt eg veit er Uavhengige grekarar eit sivilisert parti, med ein veldig erfaren og respektert leiar, seier Eriksen.

TEST DEG SJØLV: Kva skjedde i 2014?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE