Lars Akerhaug meiner det er teikn til at islamistisk ekstremisme spreier seg i Noreg. Han meiner norske kommunar må skaffa seg meir kompetanse på radikalisering.

mm

Kvinna som sprengte seg sjølv og ein politimann i lufta ved ein politistasjon i Istanbul 6. januar var enka etter ein jihadist frå Haugesund. Abu Aluevitsj Edelbijev var 12 år då han kom til eit asylmottak i Tysvær. Etter dette flytta familien til Haugesund, ifølgje h-avis.no.

23-åringen blei drepen i kampar i Syria i desember. Då hadde han vore kring eitt år i det krigsherja landet. Edelbijev skal ifølgje TV2 vera den trettande norske statsborgaren som er drepen i borgarkrigen i Syria.

– Eg kjenner til fleire andre Syria-fararar som kjem frå Vestlandet, sjølv om fleirtalet er frå det sentrale Austlandet, seier Lars Akerhaug. Han har jobba tett på det radikale islamistiske miljøet i Noreg som journalist for VG og Aftenposten. Hausten 2013 gav han ut boka «Norsk Jihad — muslimske ekstremister blant oss».

Sist måndag fortalde han om muslimsk ekstremisme på Samtidsdagane på Høgskolen Stord/Haugesund.

LES OGSÅ:Dette er jihad

Livskriser
Lars Akerhaug vaks opp i Kolsås i Bærum. Der var det stor forskjell på rekkehusa som innfødde nordmenn budde i, og blokkene som innvandrarfamiliane budde i.

Fleire radikale islamistar har blitt rekruttert frå slike område rundt Oslo. Fleire på venstresida i politikken argumenterer for at sosiale forskjellar er ei viktig forklaring på radikalisering i muslimske miljø – frå Oslo til Frankrike.

Lars Akerhaug understrekar at det ikkje berre er eit spørsmål om klassekonflikt.

– Ofte er det livskriser inne i bildet. Det typiske er den lite praktiserande muslimen som får ei eller anna livskrise og finn svara dei leitar etter i radikal islam.

Sjølv har Akerhaug bakgrunn frå den radikale venstresida i Noreg. Han har vore blitzar og meiner bakgrunnen hans hjelper han å sjå kva mekanismar som fører folk inn i ekstremistmiljø.

– Draumen og utopien om å skapa eit heilt anna samfunn er noko av det som kan lokka.

Ideologien til dei radikale muslimane er ei bokstavtru konservativ islamsk tru. Ein trur at den vestlege verda er i krig mot islam, ein kjempar for eit storkalifat for alle muslimar gjennom heilag krig.

– Det er ei kraftfull forteljing som, for dei som trur på denne, kan forklara alt som er gale med Noreg.

LES OGSÅ: PST slår alarm om risikostudentar

– Positive teikn
– Treng ein vera bekymra?

– Eg trur at ein først ser konsekvensane om 10-20 år. Mange i miljøet uttrykker støtte og sympati for terrorhandlingar. Samtidig er ikkje Noreg det største hatobjektet. Likevel er det eit ganske stort tal norske muslimar som har slutta seg til terrorgruppa Islamsk stat. Men det er ikkje nødvendigvis slik at dei drøymer om terror i Noreg. Ein av dei sa til meg: «Me har det jo eigentleg ganske bra i Noreg».

Frå 2012 var det fleire som gjekk frå å vera sofajihadistar til å bli heilage krigarar i Syria. I fleire av trusselvurderingane sine seier PST at radikale islamistiske miljø er dei farlegaste.

– Dei har leiarar som viser ein evne og vilje til å gjera ord til handling.

Akerhaug understrekar likevel at han ser teikn til ei positiv utvikling.

– Det veks fram fleire muslimske motstemmer. Utan dei blir det veldig vanskeleg. Det er derfor veldig viktig at me støttar dei moderate muslimane, seier Lars Akerhaug.

LES OGSÅ: Vil ha meir islam i skulen

Saknar kompetanse
– Det er ikkje grunn til panikk, men det er klokt av norske kommunar å tenkja gjennom korleis ein skal møta eventuell radikalisering. Nøkkelpersonar i kommunane bør skaffa seg fenomenkompetanse på radikal islam.

– Det er ikkje faresignal at ein har på hijab. Men om ein nektar å ta personar av det andre kjønn i handa og insisterer på å ha på seg nikab, så kan det vera det, seier Akerhaug.

LES OGSÅ: – Islamkritiske miljø får meir vatn på mølla

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE