Valet om å overta familiegarden og gardsdrifta er vanskeleg. Løysinga for odelsjenta Signe Vinje og Knut Eknes er eit prøveår som «bondeassistentar» på Signes heimgard Jordi.

Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad
Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad

Det er postkortvakkert i Vinje denne desemberdagen. Lufta er klar som glas, og den sterke sola gjer at ein må myse for å ikkje bli blenda av den kvite snøen. Frå garden Jordi er det panoramautsikt over Vinjevatn, Veggsfjell og Ormeggine, og nedi bakken lyser det rosa frå velkjente Vinje kyrkje.

Denne utsikta har Signe Vinje odel på. Ho er eldstedotter på Jordi, og kan overta mors- og farsgarden. Om ho vil. Jore har ikkje berre ei flott plassering, det er ein veldriven sauegard med innmark, skog og høgfjell. For nokon høyrest valet kanskje enkelt ut – kven seier nei til noko slikt? Men det er langt frå enkelt å ta det valet.

– Eg har ikkje alltid tenkt at eg må vera her. Men eg har alltid visst at eg må ta valet ein dag, seier Signe.

Eitt års prøvetid

Då ho var 18 flytta ho heimafrå. Studerte, reiste, fekk seg arbeid. Tenkte ikkje så mykje på garden og om ho skulle overta eller ikkje. Før ho kom på at ho plutseleg var i ferd med å bli etablert. I år fyller ho 30, og hadde funne roa i Bergen med sambuar Knut Eknes i ei triveleg leilegheit, båe med jobbar dei trivst godt i.

Men i september i fjor forlét dei vestlandshovudstaden, i fyrste omgang for eitt år. Samfunnsgeograf Signe fekk permisjon frå stillinga si i Hordaland fylkeskommune, Knut frå arbeidet med å konstruere lyfteutstyr til oljebransjen. Leilegheita leiger dei ut.

For no skal dei vera prøvebønder. I eitt år skal dei prøve gardslivet. Sjå om dette er ein livsstil dei kan tenkje seg å velje til fordel for bytilværet og nettverket dei har i Bergen.

«Odelspresset»

Det har aldri vore noko press heimafrå for å overta. Heller ikkje noko særleg snakk om at det hastar på noko vis. Mor Kari Tellefsen driv for fullt som heiltidsbonde på Jordi, og far Arne Vinje sit som ordførar for SV i Vinje.

– Men eg skjønar jo at dei lurar på kva det blir til. Både for deira del og for bror min sin del må eg jo bestemme meg snart.

Så «odelspresset» for Signe har handla om at det er ho som må bestemme seg fyrst.

– Det kan vel opplevast belastande – men det er også eit privilegium. Ein kan ikkje avskrive det utan vidare, seier Signe.

Det er viktig for foreldra at dei som overtek vil halde fram med å drive garden.

– Det er viktig for meg også. Dette er ikkje berre ein stad ein skal bu, men ein stad for dyrehald og å drive jorda, meiner Signe.

Ho og Knut let seg ikkje skremme av ansvaret for dyr og jord, sjølv om Knuts tidlegare erfaring med dyrehald er «på hamsternivå», som han seier.

– Det hadde vore mykje skumlare om me ikkje hadde hatt nokon å lære av. Me har jo ein veldig god læremeister i Kari. Om me overtek, er det tvilsamt at ho og Arne stikk av til Spania og pensjonerer seg, humrar Knut.

LES OGSÅ:Vil skaffe fleire unge bønder

Å gjera ting ein ikkje kan

For gardsdrift er ikkje noko ein lærer seg på eit år som prøvebønder, eller bondeassistentar, som dei kallar seg. Det er framleis mor og far som er bøndene.

– Det er kolossalt mykje ein skal passe på, og vita om, seier odelsjenta Signe.

Då er ho heldig som har fått ein sambuar som likar å prøve nye ting og som har livsmottoet «Knut gjer ting han ikkje kan.» Han er også glad i å mekke og skru og finne ut av ting.

I haust var noko av det fyrste Knut gjorde å brekke ankelen på veg heim frå saueleiting. Ikkje ideelt for ein nyslegen prøvebonde. Men det kom noko positivt ut av det òg:

– Det førte til at eg òg måtte gjera ting eg ikkje kunne. Det var til dømes eg som var med og kalibrerte såmaskina. Vanlegvis er nok dette noko eg hadde overlate til Knut, smiler Signe.

QUIZ:Kva veit du om norsk landbruk?

Sau er favoritten

Førebels er det berre Signe som arbeider ved sidan av, i ei deltidsstilling som planleggjar i Vinje kommune. Knut er bondeassistent på fulltid, men håpar det dukkar opp noko for han også snart.

– Eg er glad i å bruke hendene, finne løysingar og sysle på, så bondeyrket passar fint. Men det hadde vore kjekt med ein jobb ved sida av. Eg kan brukast til det meste, seier han.

Dei to trivst godt i lag med sauene på garden.

– Eg er meir positiv til ein sauegard enn ein gard med kyr, seier Knut.

– Å, har du fordommar mot kyr, lurar Signe på.

Det kan han delvis avkrefte, men sau er likevel favoritten. Heldigvis, kan ein vel seie.

– Det kjennest veldig rett å drive med sau. Det er ein fornuftig måte å forvalte jorda og utmarka på her i Vinje. Kritikken om at sauedrift liksom skal vera klimafiendtleg verkar merkeleg, seier Signe.

Dessutan er det kjekt å drive med fysisk arbeid, synest sambuarparet. Og ikkje minst er det gjevande å sjå konkrete resultat av arbeidet ein legg ned, som det heimelaga pinnekjøtet og dei flotte sauefellane.

– At det endar opp i nyttige og gode produkt gjer det ekstra motiverande. Det gjev glede å sjå heile lina, seier Signe.

– Også er jo pinnekjøt, lammesteik og fenalår det beste kjøtet som finst, legg Knut til.

LES OGSÅ:– Me treng mat i framtida òg

Til sumars so fær dei sjå

Så langt trivst dei godt med tilværet i Vinje, men har ikkje bestemt seg for kva dei vil gjera enno. Når sommaren nærmar seg, gjer nok avgjerda også det. Arbeidsgjevarane i Bergen må jo få svar – om det er i form av brev med oppseiing, eller beskjed om at dei kjem tilbake.

Paret har berre fått positive tilbakemeldingar, både frå venene i Bergen og andre stader, og frå bygdefolket.

– Dei seier me er så tøffe som gjer dette. Eg synest me er det motsette. Men eg trur det var ganske lurt, smiler Signe.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE