– Politiet skal følga mållova

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liv Signe Navarsete stilte skriftleg spørsmål til justis- og beredskapsminister Anders Anundsen om han ville sjå til at politimeistaren i Sogn og Fjordane rettar seg etter mållova og forvaltningslova. No har Anders Anundsen (FrP) gitt svar, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

– Politiet skal retta seg etter forvaltningslova og mållova så langt den gjeld. Eg legg såleis til grunn at politiet følgjer reglane i desse lovene – både no og i framtida.

LES OGSÅ: Vil ikkje betala bota på bokmål

Tek av seg hatten
Jens Brekke sjølv er svært nøgd med svaret.

– Eg oppfattar jammen meg at han har svart på nynorsk. Du og du. Det er nesten slik at ein må ta hatten i handa og bukka. Då er det håp for framtida, seier Brekke til NRK.

Brekke fekk bot i sommar for å lata eit bål på eigedommen sin komma ut av kontroll. Då han fekk bota, var ho på bokmål. Det aksepterte ikkje målmannen Jens Brekke, og sidan då har han krangla med politiet om det han meiner er brot på mållova og forvaltingslova.

LES OGSÅ: Krev nynorsk kvitter frå politiet