Færre elevar seier dei blir mobba

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange blir mobba

Omlag 1 av 25 elevar, 3,9 prosent, svarer at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. Året før var dette talet 4,2 prosent.

LES OGSÅ: Store forskjellar i mobbetal: – Skulane må ta mobbing på alvor

Færre krenkte
Å bli gjort narr av eller erta er den vanlegaste forma for krenking blant elevane. Dernest handlar det om det å bli halden utanfor og få negative kommentarar på utsjånaden.

I overkant av 15 prosent svarer at dei opplever ei eller fleire krenkingar to til tre gonger i månaden eller oftare. Dette er ein nedgang på 6 prosentpoeng sidan 2013.

Samtidig som mobbetala har gått ned, er det færre som klagar på uro i klasseromma enn før. Meir enn tre av fem er litt eller heilt einige i at det er god arbeidsro i timane, det er ein oppgang frå året før.

Vel 406.000 skoleelevar frå 5. klasse og ut vidaregåande trinn 1 svarte på Elevundersøkinga i fjor. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for gjennomføringa av undersøkinga, mens NTNU Samfunnsforskning står for analysen av resultata. (©NPK)

LES OGSÅ: – Mobbing er unødvendig