Med konseptet «Ferdigsnakka» skal musikken og litteraturen møtast i eit ekteskap. Måndag kveld skulle høgtlesinga kjennast som ein konsert.

Eit stappfullt lokale på Internasjonalen i Oslo var scena for den første utgåva av Ferdigsnakka LIVE. 

Det er vanskeleg å gi ei nøyaktig skildring av kva Ferdigsnakka er i ei setning. Det kan virka litt lite konkret – Ferdigsnakka sjølv kallar seg ein ny utgivingsplattform for lydboksinglar.

Så, kort forklart, er det høgtlesing sett til eit lydteppe av musikk. Podcasten har allereie lukta på topplistene på iTunes, og måndag kveld skulle prosjektet demonstrerast på scena på Internasjonalen i Oslo.

Ferdigsnakka2

Køen utanfor Internasjonalen var så lang at mange måtte snu i døra. Foto: Ena Kreso

LES OGSÅ: Mannetung Upris

Måtte senda folk heim
Allereie ei god stund før arrangementet starta, var det stapp fullt på Internasjonalen. Ryktet hadde spreidd seg, og køen gjekk langt utanfor lokalet då dørene opna klokka sju. Fleire måtte faktisk gå skuffa heim – det var rett og slett ikkje plass til alle.

– Shit… Eg har ikkje tenkt på kva eg skulle sei, opnar Synne Øverland Knudsen velkomsttalen med. Ho er redaktør for magasinet Fanfare, som står bak Ferdigsnakka til det er eit prosjekt som kan stå på eigne bein.

Ho introduserer musikarane på scena, ho introduserer idéen, og ho takkar alle som skal takkast opp til fleire gonger. Dette er eit eksperiment, seier ho.

Så går dei på scena, ein etter ein. Bandet No. 4 kjem seg forbi tekniske utfordringar, og syng ei låt. Oda Faremo Lindholm ønskjer velkommen til eit utdrag frå den breie sjangeren «tonesatt sakprosa for tenåringar», før ho leser deler av boka si, «Bullshitfilteret». Fleire andre forfattarar les sine stykke, før Fredrik Høyer avsluttar med eit angstfylt eventyr frå IKEA.

LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn

Eit gjesp
– Me pleier å tulla om dette, men jaggu er det mykje sanning i det òg. Årsaka bak Ferdigsnakka var at me hadde vore på mange litteraturkveldar og kjeda oss. Me skjønte ikkje kvifor det performative elementet var fjerna i overgangen frå nedskriven tekst til munnleg formidling, seier Synne Øverland Knudsen om kvifor Ferdigsnakka vart til.

– Eg og fleire av Ferdigsnakka-folka føler oss dessutan heime både i musikken og litteraturen. Så, me ville laga eit nytt format som var like mykje litteratur som musikk, og som kunne opna opp musikken for litteraturinteresserte og litteraturen for musikkinteresserte, held ho fram.

Idéen vart realitet, og formatet vart lydboksinglar. Utdraga frå litteraturen som for følgje av musikken blir ei ny oppleving, meiner Øverland Knudsen.

– Berre i omgrepet om lyd finst tre viktige f-ar: følelse, formidling og format. Eg veit ikkje med andre, men når musikk påvverkar meg, påverkar det sterkt. Ei bok påverkar òg, men med musikken kan ein tilføra fleire element i formidlinga.

LES OGSÅ: Speledame blant spelemenn

Ferdigsnakka3

Kjartan Fløgstad var også på scena til Internasjonalen. Foto: Anders Veberg

Side om side
– Målet er absolutt å opna opp litteraturen for fleire målgrupper – og særleg dei unge. Bøkene og lydboksinglane skal få leva side om side, og styrka kvarandre, seier Øverland Knudsen.

Etter å ha sett den lange køen utanfor Internasjonalen måndag kveld, er det ingen tvil om at Ferdigsnakka LIVE skal gjennomførast igjen.

– Det må me i alle fall no. Det kjem i alle fall to til før sommaren.

LES OGSÅ: Slutt for Oslo bokfestival

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE