Forfattaren bak «Vente, Blinke» er festspeldiktar under den 24. utgåva av Dei nynorske festspela.

Det skriv Nynorsk kultursenstrum i ei pressemelding.

– Gunnhild Øyehaug har ein allsidig litterær produksjon som demner om dikt, essay, noveller og romanar, i tillegg til at ho har gjendikta lyrikk frå andre språk, står det vidare i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Aasen-tunet eldst i verda

– Min store helt
Festspeldiktaren sjølv ser fram til oppgåva.

– Eg er glad og stolt over å få vera festspeldiktar i 2015 i Ørsta. Ivar Aasen har alltid vore min store helt, så eg kjenner meg ei blanding av sterkt entusiastisk og smått skjelven for dette oppdraget, seier Gunnhild Øyehaug.

Øyehaug debuterte i 1998 med diktsamlinga «Slaven av blåbæret», før ho fekk det store gjennombrotet sitt i 2008 med «Vente, Blinke». Den romanen vart grunnlaget for filmen «Kvinner i store herreskjorter», som har premiere 6. mars. Her har Øyehaug skrive manuset sjølv.

Dei nynorske festspela blir arrangert i på Ivar Aasen-tunet i Ørsta 25. – 28. juni.

LES OGSÅ: Med spelefilm og bok om brotne draumar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58
ANNONSE