– Regjeringa har to oljeministrar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med dette viser regjeringa at dei har to oljeministrar, og ingen miljøvernminister, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NTB i dag.

Han er ein av fleire som reagerer på flyttinga av iskanten, som vart foreslått av regjeringa i dag.

– Tine Sundtoft sin nye definisjon av iskanten viser først og fremst at denne regjeringa tykkjer olje- og gassnæringa er viktigare enn økosystema og havressursane i nord. Den nye definisjonen er dessutan i strid med tilrådingane til Norsk Polarinstitutt, seier Gaute Eiterjord, 2. nestleiar i Natur og Ungdom.

Grunnen til at mange reagerer, er at den nye grensa for havisen no hamnar nord for alle olje- og gassområde i Barentshavet. Det kan opna for meir olje- og gassverksemd i desse områda.

LES OGSÅ: Iskanten har krope mot nord

Demonstrerte i Tromsø
No er statsminister Erna Solberg (H) i Tromsø under konferansen Arctic Frontiers. Der vart ho møtt av Natur og Ungdom som demonstrerte mot det dei kallar fikling med iskanten.

Sjølv om Natur og Ungdom meiner den nye definisjonen av iskanten strir med Polarinstituttet sine tilrådingar, meiner ikkje Polarinstituttet det sjølv.

– Det er eit faktum at Barentshavet er eit område der isen smeltar veldig raskt, faktisk raskare enn elles i Arktis. Flyttinga av iskanten er ein klar konsekvens av at ein oppdaterer faktagrunnlaget, seier direktør i Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther, til NRK.no

LES OGSÅ: – Ikkje aktuelt å kutte i oljeproduksjonen

Må avgjerast i Stortinget
Regjeringa har så langt berre lagt fram eit forslag om flyttinga av iskanten. For at det skal bli ei realitet, må forslaget få fleirtal i Stortinget.

Det kan bli vanskeleg, sidan samarbeidspartia til regjeringa, Venstre og KrF, stiller seg imot forslaget. På sine heimesider skriv Venstre at forslaget kjem stikk i strid med alle miljøfaglege råd.

– Det kan ikkje Stortinget akseptera, seier Ola Elvestuen (V), leiar i Stortingets energi- og miljøkomite.

– Det er svært problematisk at regjeringa legg fram ein definisjon av iskanten som strir med oppdatert kunnskap frå Norsk Polarinstitutt, kunnskap som regjeringa sjølv har bedd om, seier Elvestuen vidare i ei pressemelding frå Venstre.

Det er og venta at fleire andre parti seier nei til forslaget. SV-leiar Audun Lysbakken meiner forslaget viser at regjeringa har to oljeministrar, og ingen miljøvernminister.

– Det kan ikkje vera slik at oljeindustrien skal få driva oljeverksemd lenger og lenger nord etter kvart som isen smeltar, når det nettopp er oljeindustrien som er årsaka til at isen smeltar, seier Lysbakken til NTB.

– Det er dessutan ikkje opp til klima- og miljøministeren å flytta grensene for oljeverksemda og vurdera kor stor  risiko ein skal ta i område fylt av is. Det er Stortinget si oppgåve, legg Lysbakken til.

LES OGSÅ: Åtvarar mot oljeutvinning i Arktis

– Ikkje eit politisk spørsmål
Også Grøn Ungdom er kritisk til forslaget frå regjeringa.

– Det er ikkje først og fremst eit politisk spørsmål å definera kvar iskanten går, men eit fagleg spørsmål. At det no blir gjort politikk av det er dumt, men ikkje kjerna i problemet. For isen trekk seg nordover grunna ønska politikk, skriv talsmann for Grøn Ungdom, Lage Nøst, i ein e-post til Framtida.no

LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet