Regjeringa har fastsett ei ny grense for havisen. No går iskanten nord for alle område som er opna for olje- og gassverksemd.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

– Det har vore uklart og diskusjon om kvar iskanten går. Det er mitt ansvar å rydde opp i dette, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) til NTB.

Basert på nye isdata har Klima- og miljødepartementet bedt Norsk Polarinstitutt oppdatere iskanten i forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten.

LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet

– Havisen har trekt seg nordover dei siste tiåra. Det gjeld spesielt i dei austlege områda. Der er iskanten no 60– 70 kilometer lenger nord enn han er i gjeldande forvaltningsplan frå 2011, seier Sundtoft.

Den nye grensedraginga blir truleg godt motteken av olje- og gassnæringa. Iskanten går nå nemleg utanom alle blokkene som kan bli lyst ut i den omstridde 23. konsesjonsrunden søraust i Barentshavet.

Fleire av desse vart først ein del av norsk sokkel gjennom grenselinjeavtalen med Russland frå 2011. (©NPK)

LES OGSÅ: 2014 varmaste år nokonsinne

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58
ANNONSE