Kjekke leikekameratar på plass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar på leikekameratar

– Eg har jobba i barnehage før i samband med ein arbeidsdag, og det var veldig kjekt. No gler eg meg til å bli betre kjent med ungane, smiler Sebastian Tufta Kirknes.

8. klassingen frå Rosendal ungdomsskule er ein av seks ferske leikeressursar i Omvikdalen barnehage. Prosjektet blei gjennomført for første gangen i fjor, og ungane var strålande nøgde med å ha ungdomane Erlend Fredheim og Mats Olsen som leikekameratar på ettermiddagane innimellom. I år skal endå fleire ungdomar få prøva seg.

LES OGSÅ: Ekspertar vil ha realfag inn i barnehagen

– Vi søkte om midlar til å køyra leikeressursprogrammet på nytt igjen i år, noko vi fekk tilslag på. Heile 16 ungdomsskulegutar søkte om jobben denne gongen, og vi er glade for å ha fått plass til seks av desse. Vi ønskte nemleg at litt fleire skulle få prøva seg i år, orienterer styrar Laila Næs.

Rekruttering
Måndag ettermiddag denne veka var alle seks gutane på plass i barnehagen for å skriva kontrakt, og for å bli litt betre kjente med ungane. I dei sju komande vekene skal dei tre første i jobb, to ettermiddagar i veka. Dei tre siste skal i sju veker etter det.

Gutane vil i utgangspunktet få kvar si avdeling å jobba i.

– I dag har vi mellom anna gått igjennom dette med teieplikt, og vi har snakka litt om kva oppgåver gutane skal ha. Dei skal til dømes ikkje ha ansvaret for ungane åleine, men vera her for å leika og ha det kjekt i lag med dei, fortel Næs då Kvinnheringen kjem innom. 

Leikeressurs i barnehage-programmet er eit tiltak der barnehagar tilbyr ungdomsskulegutar jobb etter skuletid ein og annan dag i veka. Gutane søkjer på jobben, og får så løn for arbeidet dei utfører. Det overordna målet er å rekruttera gutar til barnehagen, samt å fremja likestilling i det pedagogiske arbeidet.

– Gutane får rettleiing undervegs, og skal bli kjente med kva barnehagekvardagen inneber, seier Næs. 

God erfaring
Erik Hjelmeland går i 8. klasse ved Rosendal ungdomsskule. Han er klar for spennande utfordringar i barnehagen.

– Eg søkte på jobben fordi eg hadde ledig tid på ettermiddagane no, og hadde lyst på noko meiningsfullt å gjera. Det verkar kjekt å jobba i barnehage, meiner han.

LES OGSÅ: Meiner kommunen diskriminerer sønnene

Også klassekameraten Marius Lebednykas gler seg:

– Mor mi jobbar i barnehage, så eg hadde lyst til å prøva det, eg òg. Eg likar godt å leika og spela fotball med ungane, seier han. 

Gutane fortel at dei har fått gode råd med seg på vegen av dei førre leikeressursane.

– Desse fortalde mellom anna at ungane kan vera litt sjenerte til å byrja med, men så blir dei godt kjende og tryggje på ein etterkvart.

– Kan de sjå føre dykk å jobba med barn i framtida?

– Ja, kven veit? Viss dette viser seg å vera kjekt, så kan det godt henda, smiler dei ferske leikeressursane.

Erlend Fredheim, som var leikeressurs i fjor, sit att med gode erfaringar frå arbeidet.

– Eg har lært mykje nytt om både vaksne og barn, og om det å arbeida med andre, særleg med ungar. Eg har òg lært om kor forskjelleg ungar kan vera, fortel han.

LES OGSÅ: Skular og barnehagar blir budsjett-taparar neste år