I nyare tid har samar i museumsutstillingar gått frå gruppe til individ, men framstillinga av det samiske femnar framleis ikkje alle.

mm

– Korleis me framstiller andre kulturar, seier vel så mykje om vår eigen kultur, som den kulturen ein vel å framstille, fortel arkeolog Silje Opdahl Mathisen.

Ho har teke doktorgrad i måten det samiske vert framstilt på museum i perioden 1972-2007. I avhandlinga har ho sett på 14 permanente utstillingar i Noreg og Sverige – både ved nasjonalmuseum og samiske museum.

LES OGSÅ: – Enklare å bruke samisk på sosiale medier

Ansiktslause dokker
Musea er forvaltarar av den offisielle historia, noko som er eit stort ansvar.

Ifølgje arkeologen har dei tidlegaste utstillingane om samar eit sterkt preg av eksotisering. Det samiske vart vist fram, og forskjellane mellom oss og dei framheva.

Lapplands ekvipasje – utstillingsdokkene sett opp i diorama med element som til dømes rein og slede – er typiske døme på nettopp dette, forklarar Mathisen.

– Dei tidlegare utstillingane speglar eit anna syn på etnisitet. Mannekengane i dei eldre utstillingane er ofte ansiktslause. Eg trur det viktig å gje dei eit ansikt og ei historie, seier forskaren.

LES OGSÅ: Snakk samisk t’ mæ


To born og tre vaksne i Kautokeino-drakter. Gargouluobbal, 1958.  Foto: Virginia Raymond Davidson/Norsk Folkemuseum

Frå tidlaus til samtid
Dei samiske utstillingane er ofte etnografiske, noko som betyr at dei vektlegg kulturelle trekk som klede, matlaging og religion. Gjenstandane er sjeldan datert, noko som gjev eit tidlaust preg.

I forskinga si har ho funne at utstillingane laga av samiske institusjonar ikkje inneber eit klart brot med nasjonalmusea si framstilling. Forskjellen er at det i dei samiske utstillingane dreier seg om vår historie – noko som automatisk gjev ei anna forteljarstemme. I tillegg har dei eit sterkare personfokus.

Særleg Nordiska museet i Stockholm si utstilling frå 2007 tykkjer ho gjer ein god jobb med å problematisere “det samiske” og kvifor me er så oppteken av det.

– Dei nyare utstillingane har eit sterkt samtidsperspektiv, men eg saknar ei historisk framstilling. Det vert me med historie og dei utan, seier Mathiesen, som medgjev at ho kanskje er farga av sin arkeologiske innfallsvinkel.

LES OGSÅ: Stadig fleire studerer samisk

Samar med rein
Dilemmaa i dei samiske museumsutstillingane ligg i at dei ofte låner utstillingsobjekt frå nasjonalmusea. I desse objekta, som gjerne vart samla inn på 1800-talet, ligg det ei viss førestilling om kva det samiske er. Mange av dei gamle bileta er òg teke i samband med raseforsking.

Mathiesen meiner dei samiske utstillingane i for stor grad har vist tradisjonelle kjønnsrollemønster, der kvinner sit i gammen og menn går på ski med pulk. Heller ikkje alle samiske grupperingar, som sjøsamar og lulesamar, har vorte med.

Likevel tykkjer ho dei gamle utstillingane gjev eit nyttig innblikk i korleis ein såg på det samiske for nokre år sidan.


Samen Ole Johannes Must i pulk med reinsdyr foran moselager, ved doktorgården Solheim, Kirkenes, Sør-Varanger, Finnmark, 1896. Ellisif Rannveig Wessel, Norsk Folkemuseum

LES OGSÅ: Stadig fleire studerer samisk

Samisk, homofil og Brann-supporter
Mathiesen meiner mangfaldet på musea er i ferd med å betra seg.

– Tidlegare var det mykje vekt på reindrift når ein snakka om samar. No er det berre ein veldig liten prosent som driv med det. Dei kan ham alle moglege yrker og interesser. Du kan til dømes vere same og Brannsupporter. Det er mange måtar å ha ein samisk identitet på, understekar arkeologen.

Men ei gruppe er framleis lite synleg i framstillinga av det samiske:

– Eg har aldri sett homofile samar på nokre utstillingar, medgjev Mathisen, som understrekar at dette ikkje er eit særsamisk problem.

Den oppfatninga er ikkje arkeologen åleine om.

– Museum generelt er heteronormative, slår Elfrida Bergman i Queering Sapmi fast.

Ho er blant dei som saknar meir variasjon i framstillinga av samiske kvinneroller, mannsroller, familieliv og seksualitet. Særleg tykkjer ho at LHBT manglar i dei historiske framstillingane.

LES OGSÅ: – Forteljingar endrar verda

Akka med grytene
Prosjektet Queering Sapmi er skipa for å fremme dei andre historiene om samane, slik at unge samar har fleire førebilete å sjå til. Bergman trur det er ekstra viktig i ei tid då mange har missa sin samiske kultur og språk.

– I den klassiske samiske framstillinga er mannen normen. Han lever saman med ei kvinne og barn, òg kanskje er det ei gamal akka – bestemor – som rører i grytene. Det er både stereotypt samisk og med tanke på kjønnsroller.

Bergman meiner at framstillingane av det samiske er kome vidare etter at ein har vorte medviten på det koloniale blikket, som har prega tidlegare framstillingar.

Likevel tykkjer ho at dei samiske utstillingane syner ein for smal verkelegheit med rein, fiske, sløyd og smerta av kolonialismen.

LES OGSÅ: – Du treng ikkje vere skeiv for å skeive


Born og vaksne samla utfor eit sommartelt. Foto: Konrad Nielsen (1875-1953), Norsk Folkemuseum.

Redd for å krenke
Bergman har sjølv vore på workshop med eit større svensk museum for å diskutere problemstillinga om homofile samar sin plass i museumsutstillingane.

– Problemet er at ein er så redd for å krenke majoriteten, at ein endar opp med å krenke minoriteten. Musea undervurderer sitt publikum. Dei har både moglegheit og eit ansvar for å provosere og rokke ved dei førestillingane som finst. Det finst ikkje berre ei sanning. Om ein gjer alt allmenngyldig, vert det ikkje gyldig for nokon. Om ein vågar å gå inn på det uvanlege, trur eg at det vert relevant for fleire, avsluttar svensken.


Jaktscene frå Norsk Skogbruksmuseum i Elverum si jaktutstilling, som vart opna i 1972. Foto: Ole-Thorstein Ljøstad.
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE