2014 varmaste år nokosinne

Fjoråret var det varmaste året som nokon gong er registrert på jordkloden, ifølgje amerikanske forskarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med unntak av 1998, så har dei ti varmaste åra som nokon gong er registrert, vore etter 2000, ifølgje analysar av temperaturane på jordoverflata utført av det nasjonale hav- og atmosfæreinstituttet NOAA og den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA.

Funna er publisert i separate rapportar fredag.

Sidan 1880, då målingane starta, har middeltemperaturen på jordoverflata gått opp med 0,8 grader. Det kjem i stor grad av auken i karbondioksid og andre menneskeskapte utslepp i atmosfæren til planeten, peikar NASA på.

LES OGSÅ: – Vi er veldig gode på å stenge ute ubehageleg informasjon