Norsk økonomi er ikkje i krise, men vi er på veg mot ein «ny normal», sa statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) på eit pressemøte med sentralbanksjef Øystein Olsen fredag.

(NPK-NTB-Frode Kvam):
(NPK-NTB-Frode Kvam):

Jensen lét seg ikkje skremme av fallande oljeprisar og lågare investeringar i oljesektoren.

– Nokre er raske til å bruke ordet krise, men dette er inga krise. Vi er ikkje i ein situasjon som kan samanliknast med den i 2008 eller 2009, seier Jensen om utfordringane norsk økonomi står overfor.

På pressekonferansen fredag påpeikte ho til liks med statsminister Erna Solberg at Norge er på veg mot ein «ny normal», der økonomien blir omstilt frå å vere oljeavhengig til å bli rusta for framtida og samtidig vareta velferdsstaten.

LES OGSÅ: Noreg best budd på klimaendringar

– Norsk økonomi er godt skodd for omstillingane som må gjerast. Vi har dyktige bedrifter og eit solid fundament, sjølv om vi går inn i ein omstillingsperiode. Det er viktig at vi framover fører ein riktig økonomisk politikk på kort og lang sikt, sa Solberg.

Statsministeren forklarte til pressa fredag at møtet mellom henne, finansministeren og sentralbanksjef Olsen var naudsynt for å kartleggje regjeringa og Noregs Banks analyse av den økonomiske situasjonen. Store endringar i både krone- og oljepris var delar av bakgrunnen. (©NPK)

LES OGSÅ: Trong økonomi i januar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58
ANNONSE