Krev svar på nynorskdumping

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nettsidene fekk eit ansiktsløft, domenenamnet skifta namn frå «Regjeringa.no» til «Regjeringen.no», og no har du moglegheit til å velja mellom språka engelsk, samisk og norsk.

– Men norsk betyr berre bokmål, skriv Norsk Målungdom i ei pressemelding der dei krev svar på kvifor nynorsken har blitt dumpa.

No har Målungdommen sendt brev til Departementas sørvisorganisasjon om saka, står det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Regjeringa har blitt til regjeringen

Begge målformer
– Ifølge Mållova skal nettsidene vera på både bokmål og nynorsk, eller det skal vera reine nynorsk- og bokmålsversjonar av nettsidene. No har det gått ein månads tid utan at regjeringa har nynorske nettsider. Det er brot på mållova, seier Karl Peder Mork, leiar for Norsk Målungdom.

Han er ikkje nøgd med at det tek så lang tid å få på plass nynorske nettsider.

– Nynorskbrukarar har same retten til å ha ei regjering som brukar språket deira som det bokmålsbrukarar har. Men det er ei nedgradering av nynorsken å lata nynorskbrukarane venta ein månad lengre enn alle andre, seier Mork.

LES OGSÅ: Språkdirektøren: – Ser ikkje så bra ut

– Ser ikkje bra ut
Målungdommen er ikkje åleine om å vera kritiske til Regjeringa sine nye sider. Direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, har og uttalt seg om dei nye nettsidene, og gitt råd til Departementas sørvisorganisasjon.

– Det me har gitt råd om er at det er greitt å ha éi felles nettside, men at dei må veksla mellom målformene. Det å ha éi felles nettside vil bidra til at begge målformene blir synleg for alle. Dessutan gjer det det enklare å vedlikehalda enn to parallelle nettsider, sa Muruvik Vonen til Framtida.no før jul.

– Eg har har vore innom fleire gonger og sjekka på den nye regjeringen.no, og det ser ikkje så bra ut. Eg fann ikkje noko nynorsk der. Dei gjer det vanskeleg for seg sjølv når dei byrjar med berre bokmål, la han til.

Noregs Mållag kallar det språkleg arroganse.

Framtida.no har tatt kontakt med Departementas sørvisorganisasjon, men har til no ikkje fått svar.

LES OGSÅ: Muruvik Vonen går av som språkdirektør