Nokre eksperiment er gjort på eit blunk. Andre tek litt lengre tid. Dette er prosjekta som tek lengst tid.

Ofte kan ein og lura på om det eigentleg er verd det. Ein dråpe med tjære, ei klokke som aldri stoppar og tidenes mest haldbare batteri blir alle observert nøye, døgnet rundt. Her heime har me Halden-prosjektet, forskinga som blir gjort i Halden-reaktoren. Det starta i 1958, og før jul fekk det akkurat fornya konsesjonen med seks nye år. Men det er langt frå å vera verdas lengste forskingsprosjekt.

LES OGSÅ: I år blir sommaren litt lengre

Tjæredråpen
Det lengste forskingsprosjektet, som og kan kjennast meiningslaust, er «The Pitch Drop Experiment». Ifølgje National Geographic finst eksperimentet i fleire former – eit var i Dublin, Irland og eit i Queensland, Australia.

Eksperimentet i seg sjølv er ganske enkelt, og krev lite innsats frå forskarane sjølv. Målet er å finna ut om romtemperert tjære er ei væske eller har fast form. Svaret på det spørsmålet fann forskarane i ved å forma ein klump med tjære til ein dråpe, så lata den stå i romtemperatur til dråpen falt.

Den mest kjende av desse to er eksperimentet ved Brisbane University i Queensland, Australia. Det starta i 1927, og står i Guinness Rekordbok som Verdas lengste forskingsprosjekt. Gjennom åra har dråpen falt fleire gonger – ni gonger totalt. Men det var først i fjor vår dei endeleg fekk fanga ein på film:

Video frå The University of Queensland.

Forsøket i Dublin starta opp i 1944, og det var dei som først fekk fanga ein dråpe på film. Men irane meiner sjølv eksperimentet deira ikkje er like godt som originalen.

– Vårt kallar me eigentleg ikkje eit eksperiment. Eigentleg sat det berre på ei hylle, heilt sidan 40-talet, sa Stefan Hutzler, eit medlem i det irske laget, då dråpen vart fanga på film, ifølgje New Scientist.

Den irske dråpen vart kanskje filma først, men i fjor vart og Queensland sin dråpe fanga på film, etter 86 år med observasjon.

LES OGSÅ: Intergalaktisk skitur

Berre nesten
Tjaredrape Det mest fascinerande med historia til Queensland-eksperimentet er at dråpen som vart filma var langt frå den første i rekka. Problemet var berre at dei aldri fekk det fanga på film, eller sett det med eigne auger, før i fjor. Dråpen som falt då var faktisk den niande.

Verst var det for professor John Mainstone, som leia prosjektet gjennom 50 år. Han var sjef for prosjektet då den sjette, sjuande og åttande dråpen falt, men fekk aldri sett nokon av dei. Den første skjedde på ein fridag i 1977, den andre var han fem minutt unna å sjå i 1988, og i 2000 falt dråpen under eit straumbrot – som gjorde at webkameraet som filma tjæra ikkje fekk sjå sjølve dråpefallet.

Det mest tragiske av alt med historia til John Mainstone, er at han diverre døydde før han fekk ein sjanse til. Han døydde august 2013, før dråpe nummer ni falt våren 2014.

No ventar University of Queensland på dråpe nummer 10 – det vil berre ta 10-12 år – og du kan følga med på live-feeden her.

LES OGSÅ: Det femte nobel-ekteparet

Den som går og går
Eit anna observasjonseksperiment blir gjort på New Zealand, ved University og Otago i Dunedin. Her finst ei klokke som framleis går, etter førre opptrekking i 1864.

Eksperimentet blir kalla «The Beverly Clock», kalla opp etter mannen som laga klokka, Arthur Beverly.

Eit liknande prosjekt finn du på University of Oxford i England. Der står ei ringeklokka som har ringt kontinuerleg sidan ho vart sett opp – i 1840. Eit eksperimentelt batteri har fått klokka til å gå i eitt – ifølgje Oxford sine heimesider har klokka ringt over ti milliardar gonger. Batteriet har og enda opp i Guinness Rekordbok, for verdas mest haldbare batteri.

LES OGSÅ: Kampen om reaktoren

Frøet er planta
I 1879 starta William James Beal eit prosjekt – det held på enno, og skal etter planen halda fram til 2100. Beal fylte 20 flasker med sand og frø, og begravde dei med halsen ned for å unngå at vatn kom inn i flaska. Eksperimentet er – enkelt nok – å grava opp ei og ei flaske med lange mellomrom, planta frøa, og sjå kven av dei som veks opp til planter.

I starten av eksperimentet gravde forskarane opp ei flaske kvart femte år, no har det blitt kvart tjuande år – neste skal opp i 2020. Då førre flaske vart opna i 2000, vaks 2 av 21 frø opp.

LES OGSÅ: Planter kan «høyra» at dei blir spist

Flekkete forsking
Galileo
Sjølv om det er tjæredråpen i Queensland har den offisielle Guinness-rekorden for lengst pågåande forskingsprosjekt, er det i alle fall eit anna som har drive på lenger, sjølv om dette ikkje er eit konkret prosjekt ved ein institusjon.

Nature skriv om teljing av solflekkar, og samling av data om desse har drive på sidan Galileo Galilei (biletet) først byrja å kika mot himmelen – han registrerte sin første solflekk i 1613.

Ifølgje Nature var det lite ein kunne gjera med registreringa av solflekkar før 1848. Då kom  Sidan den gong har tala blitt samla inn og blitt brukt for å føresjå sol-aktivitet til i dag.

Veit du om fleire saktegåande forskingsprosjekt? Del dei i kommentarfeltet!

LES OGSÅ: «Selfies» kan skada sjølvbiletet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE