Beklagar ubehaget

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksten var først publisert hos Dagbladet

Ordføraren i Hjartdal, Sven Tore Løkslid, fekk nyleg kritikk for å stille opp som statist i den nye TV-serien «Kampen om tungtvannet» på NRK. I første episode ser vi så vidt Arbeidarparti-ordføraren som tysk soldat ved fabrikken på Vemork. I heimkommunen var det flerie som hadde reagert, og ordføraren var kjapt ute og beklaga til NRK Telemark:

– Jeg må beklage at enkelte føler ubehag ved å se meg i den uniformen. Jeg legger meg flat for kritikken, sa Løkslid. Kvifor må han legge seg flat, eigentleg?

LES OGSÅ:  Den ukjende sabotøren

At mange framleis føler ubehag ved å sjå ei naziuniform er forståeleg, men for enkelte i Hjartdal skal påkjenninga ha vore ekstra hard, sidan fleire lokale menn vart drepne av tyskarar under krigen. Men at smerten skal verte større fordi det er sjølvaste ordføraren som er ikledd tysk uniform, er jo i alle fall ikkje ordføraren sitt ansvar. I motsett fall bør kommunane snarast råd lage retningslinjer for kva type roller som ligg innanfor det aksepterte for ein ordførar.

Så lenge dei held seg innanfor lovverket bør både ordførarar, prestar eller ingeniørar få ha akkurat den hobbyen dei vil. Difor bør den lokale presten få lov til å spele ræva til kamelen i "Folk og røvere", men eg reknar med at ei handfull lesarar allereie er mektig provoserte over forslaget. Dessuten er der garantert minst éin såra oppsitjar der ute som har ei lei oppleving med ein kamel.

LES OGSÅ: Det eg ikkje gjer

Det er urovekkande at det dei sista åra nærmast har vorte ein automatisert praksis for offentlege personar å beklage når nokon kjenner det minste ubehag, trass i at dette ikkje var intensjonen. Løkslid presiserte attpåtil at han ikkje er nazist:

– Det er viktig å påpeke at det er en TV-serie og den har ingenting med mitt syn på nazismen, sa Løkslid til VG. Var nokon verkeleg i tvil?

LES OGSÅ: Ting du neppe kjem til å få høyra i 2015 (heller)

Men Løkslid er ikkje aleine med problemstillinga. I februar ifjor var Vestby-ordførar, John Ødbehr, i enda hardare vêr då han stilte opp i humorserien «Neste sommer» på TVNorge. Dem sjampanjedrikkande ordføraren i bar overkropp vart for mykje, sjølv for enkelte partifeller:

– Det er sikkert noen som synes dette er topp, men det er ikke akkurat noe som fremmer Vestby kommune, sa Høgre-representant i Vestby, Stig Eide til Dagbladet i februar ifjor. Som vi alle veit har det gått kraftig nedover med Vestby kommune sidan TV-serien gjekk på lufta. Og ordføraren beklaga, sjølvsagt:

– Jeg beklager at noen blir utilpass av dette, sa mellom anna Vestby-ordføraren.

LES OGSÅ: Orda som bind oss saman

Å beklage for enkeltpersonar sine såre kjensler er blitt ein pussig gjengangar i norsk offentlegheit. Ein bitteliten reaksjon av det negative slaget er nok til at den forulempa får god spalteplass. Det er òg typisk at avsendaren ikkje beklagar sjølve handlinga eller uttalinga, men berre det faktum at nokon følte seg støytt. At enkelte har ein tendens til å hekte såre kjensler på tilfeldige knaggar, kan terapeutar sikkert seie mykje spanande om. Meir interessant er det at vi har ei offentlegheit der folk i utvalde posisjonar føler seg rituelt forplikta til å be om orsaking for tilfeldige menneske sine såre kjensler. Kven tener denne praksisen, eigentleg?

LES OGSÅ: Slo Max Manus ned sjukepleiar?