Orda som bind oss saman

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To eldre menn treffest på eit kjøpesenter i ei vestlandsbygd og slår av ein prat:

A: – Nei, hei!

B: – Hei, du! Kor det går?

A: – Jau då! Du, då?

B: – Jaau.

I møte med dei vi kjenner og dei vi ikkje kjenner, kan frasane vere gode å ha. Dei kan vere ein igangsetjar for meiningsfulle samtalar, og dei kan brukast når vi skal småprate. Dei kan også gje oss samtalar relativt tomme for innhald, utan at det alltid kjennest meiningstomt. Felles for frasane er at dei ofte hjelper oss til å konversere, også når vi ikkje heilt veit kva vi skal snakke om. Mange av oss har eit ganske stort repertoar, og vi varierer bruken av dei ut frå kven vi snakkar med og kva samanheng vi er i.

Heile livet har vi brukt desse frasane for å komme i prat. Dotter mi på to år spør alle ho møter om kva dei heiter. Dotter mi på fire lurer i tillegg på kvar folk bur og kor mange år dei er. Vi vaksne snakkar om vêret, og vi spør korleis det går, utan at det alltid er like gjennomtenkt. Sosialsemiotikaren Michael Halliday viser at desse frasane dekkjer ein viktig sosial funksjon for oss. Han er difor ikkje einig i kritikken av «å snakke om vêret». Han meiner at det heller eit uttrykk for at vi søkjer kontakt med kvarandre, og at vi treng ein felles referanse.

No nærmar det seg jul. Vi har for lengst tatt fram julefrasane, og vi har mykje å prate om når vi treffest: «Er du ferdig med julegåvene?», «Har du bestilt julekort?», «Kvar skal du feire jula i år?» og «Vi skulle tatt ein kaffi før jul.» Så får vi oss ein samtale, kort eller lang. Og når vi har snakka nok, når vi ikkje har meir tid eller meir på hjartet, seier vi gjerne: «Ja, ja. Du får ha god jul, då, om eg ikkje ser deg før jul!»

God jul. Om eg ser deg eller ei.
 

Først publisert på Aasentunet.no.