Vert norsk landbruk ofra?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ofrar me norsk landbruk?

Teksten var først publisert på Landbruksbloggen

Det har vore ein formidabel vekst i importen av landbruksvarer til Noreg dei siste 10 åra. I 2013 var den samla importen av landbruksvarer 41,3 milliardar kroner. Importen frå EU utgjorde 31,3 milliardar. Kring 60 prosent av eksportverdien til EU på landbruksvarer vert innført tollfritt til Noreg i dag (Agra Europe). Trass dette, har Noreg valt å starte forhandlingar med EU om ytterlegare liberalisering av landbruksvarehandelen. Rykta seier at det fyrste forhandlingsmøtet mellom partane vert i slutten av månaden.

LES OGSÅ: Fryktar ei utarming av bygdene

Ikkje gode argument for nye forhandlingar no
Dette skjer berre tre år etter den førre avtala med EU tredde i kraft. Her vart mellom anna den tollfrie ostekvota utvida frå 4 500 tonn til 7 200 tonn, og kvotene på kjøtprodukt vart auka med 3 100 tonn. I tillegg vart det innført nulltoll på ei rekkje varer med låg tollsats.

Sjølv om landbruk er utanfor EØS-avtala, kjem handelen med landbruksvarer inn gjennom Artikkel 19. I kortform seier Artikkel 19 i EØS-avtala at partane skal søkje å liberalisere handelen gradvis, innanfor rammene i landbrukspolitikken til den enkelte. Vidare skal eventuell liberalisering skje på gjensidig fordelaktig basis. I tillegg står det i avtala: «For dette formål [liberalisering] vil avtalepartene innen utgangen av 1993 og senere med to års mellomrom gjennomgå vilkårene for handelen med landbruksvarer.».

Då EØS-avtala vart ferdigforhandla vart Artikkel 19 omtala som «utviklingsklausulen» ut frå formuleringa om framtidige konsultasjonar i avtaleteksten. Og nettopp fordi EØS-avtala er ei juridisk avtale, er formuleringar i avtaleteksten avgjerande for kva rettar og plikter avtalepartane er pålagde. Det gjeld òg for Artikkel 19. Difor må politikarane halde fast på kva som står i avtala og ikkje kva dei trur står i avtala. Dette er særs viktig i slike ulvetider som norsk landbruk er inne i no.

LES OGSÅ: Vil skaffe fleire unge bønder

Les ein Artikkel 19, ser ein at det ikkje står at det skal forhandlast anna kvart år. Derimot står det at vilkåra for handelen skal gjennomgåast. Det er dermed eit politisk val at ein no vel å inngå nye forhandlingar. Eit anna standpunkt kunne vore vist til utviklinga i handelen, og avgjort at det ikkje var grunnlag for å starte nye forhandlingar. Drøftingar kring Artikkel 19 i Stortinget tyder på, at både stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemar meiner avtala pålegg partane å starte forhandlingar om ei ny avtale.

I drøftingane 25. november i Stortinget om EU- og EØS-saker, uttalte Liv Signe Navarsete (SP):«Likevel vert norsk matproduksjon stadig utfordra, ikkje minst gjennom dei føreståande artikkel 19-forhandlingane. Det er nedfelt at desse forhandlingane skal føregå annakvart år…».Statsråd Vidar Helgesen responderer då med følgjande:«La meg først klargjøre at når det gjelder artikkel 19-forhandlingene, er det riktig at disse forhandlingene etter EØS-avtalen skulle ha funnet sted hvert annet år, men de har i realiteten funnet sted et par–tre ganger gjennom EØS-avtalens levetid.» Ein slutning då, er at verken ministaren eller nemnde stortingsrepresentant skil mellom reelle tingingar og gjennomgang av vilkåra for handelen. Ein konsultasjon mellom partane er ikkje einstydande med at det skal forhandlast.

LES OGSÅ: Framtidstankar frå framtidsbonden

Norge har rett til føre sin eigen landbrukspolitikk
Når først så gale har skjedd at Noreg har valt å starte nye forhandlingar, vert andre formuleringar premissgivande. Her vil eg vektlegge at liberalisering skal skje«innanfor rammene i landbrukspolitikken til den enkelte».Det tyder at EU har rett til å føre den landbrukspolitikken dei ynskjer. Men det tyder òg Noreg rett til å føre den landbrukspolitikk Stortinget vedtek. Og at båe partar skal respektere og godta denne retten til eigen politikk som premiss i forhandlingane.

Frå midten av 1990-talet og utover 2000-talet har EU gjennomført eit stort skifte i den felles landbrukspolitikken (CAP) for å redusere råvareprisane. Strategien akselererte med landbruksreforma Agenda 2000. Der var det eit uttalt mål å betre konkurransekrafta til landbruket og næringsmiddelindustrien ved å redusere prisane på råvarer, og kompensere til bøndene for tapte inntekter gjennom å auke den direkte økonomiske stønaden. Skiftet i politikk har ført til at avviket mellom prisnivået til EU innanriks og verdsmarknaden på råvarer har gått frå å liggje 70 prosent over verdsmarknadspris før reformene starta, til å no liggje kring 5 prosent høgre enn verdsmarknadsprisane (Alan Matthews, 2013).

Endringa i landbrukspolitikken til EU må Noreg respektere. Men like fullt har Noreg all rett til å vektlegge dette, fordi Noreg har rett til å føre ein anna politikk. Og det er heilt openbart at denne endringa har direkte konsekvensar for samhandelen mellom Noreg og EU på landbruksvarer. Norske bønder og industri vert rett og slett utkonkurrert på pris. Noko som undergrev norsk avsetjing av råvarer og gjennom det norsk landbrukspolitikk. Truleg tilseier denne prisreduksjonen aleine at det ikkje burde vorte starta nye forhandlingar om ytterlegare liberalisering med EU.

LES OGSÅ: – Det handlar om maten vår

EU har alt å vinna på nye forhandlingar, ikkje Noreg
Sist, formuleringa«gjensidig fordelaktig basis».Det må tyde at båe partar skal få gagn av eventuell liberalisering i handelen. Det som derimot er klart er at i tida med EØS-avtala har det vore ein veksande asymmetri i handelen i favør av EU og disfavør av Noreg. I år 2000 var forholdstalet mellom Noreg og EU på landbruksvarehandelen i verdi 1 til 4,5 i favør av EU. Etter dette har asymmetrien i utviklinga auka sterkt. Det har vore ein einsidig vekst i eksporten frå EU til Noreg. I 2013 var forholdstalet markant auka til nær 1 til 9 i favør av EU. Ut frå dei importvoluma som no kjem, er heile den norske produksjonskjeda i skvis.

For norsk jordbruk betyr endringane i CAP at konkurransen i jordbruket og matindustrien skjer i den norske marknaden mellom norske gardbrukarar og EUs gardbrukarar, og norsk matindustri og EUs matindustri. Landbruksreformene i EU gjer at det norske tollvernet vaklar på kjerneproduksjonane kjøt, mjølk, korn (bakevarer) og grønsaker. Då WTO-avtala og EØS-avtala vart inngått så låg enten Atlanterhavet eller Stillehavet mellom norske bønder og verdsmarknadsprisar. I dag er det Svinesundbrua. Då er det ingen god ide å starte nye forhandlingar med EU om ytterlegare liberalisering.

LES OGSÅ: – Vil ta knekken på norsk landbruk