Framtidstankar frå framtidsbonden

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kronikken vart først publisert hos Noregs bondelag

Eg er Otto Galtung, 18 år frå Jondal kommune i Hardanger. Oppvaksen på gard som eldste son i ein syskenflokk på tre. Per dags dato er eg agronomstudent ved Voss Jordbruksskule. Til sumaren går eg ut som ferdig utdanna bonde.

Eg lurar på om eg har valt rett yrkesveg. Og ser med stor uro på det som skjer i regjeringa og rundt Listhaug når det gjeld landbruk. Vår alles landbruksminister prøvar rokka ved grunnfjellet. Det har seg sånn at om det vert ei fortsetjing å leggja ned gardar, byggja ned matjord og at alt heile tida skal verta større, vil det gå utover ting som kulturlandskap, busetjing og klima. Det vil gå utover framtida.

Eg kjem til å verta det som vert kalla «vestlandsbonde», ein bonde som produserer relativt lite i volum, haustar gras der ingen skulle tru at nokon kunne hausta gras og  har gjerne ein jobb ved sidan av garden. Likevel vil eg verta bonde.

LES OGSÅ: Venstre vil gje 10 mill. til økoskulen

Vi må ha god fagutdanning i botn
Eg er ein av dei få som har valt å ta agronomutdanninga. I tredjeklassen ved Voss Jordbruksskule for skuleåret 2014-15 er det ti agronomstudentar. Det er ti stykkar i heile Hordaland Fylkeskommune for dette kullet som skal sørgja for å brødfø framtidas voksande befolkning.  Dette i eit fylke med over ein halv million innbyggjarar. Og søkjartala til agronomutdanninga er ikkje aukande, heller minkande. Det er færre og færre ungdommar som har interesse for landbruket. Det bør me bekymra oss stort for. Om me som skal vera bønder heile tida skal verta større og meir effektive, må me i alle fall ha ei god fagutdanning i grunnen. Alle som skal driva med husdyr må kunna godt stell, avl, fôring, økonomi og god driftsleiing.

LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter
Korleis gje framtidsagronomen ei god utdanning?
Fyrst og fremst må alle fylke ha i alle fall ein vidaregåande skule som gjev tilbod om agronomutdanning. Deretter er det ein faktor som heiter internat. Alle jordbruksskular bør ha eit internattilbod for sine elevar. Du spør deg gjerne kvifor? Jo, fordi det har med det at dei unge bondespirene ikkje bur i sentrale bystrok. Dei bur på landsbygda, der dei fleste gardar er. Når dei skal ta agronomutdanninga er det viktig å gje dei ein mjuk overgang til livet utanfor heimen. Så har det med klassemiljøa å gjere. Om ein bur i lag på internatet og går på jordbruksskule så vert det eit knakande godt miljø. Til sist er bondeyrket ikkje ein ni til fire-jobb. Det bør heller ikkje utdanninga vera. Med internat vil ein kunna gje elevane eit viktig innblikk i alt frå morgonstell, kalving, grising, jordarbeiding og elles bondearbeid som går utanfor klokka.

LES OGSÅ: Ida (19) har budd eitt år i ei hole

Legg vekt på teori!
Det er viktig at det faglege er av høg kvalitet. Det skal vera ei god betasuppe av praksis og teori. Og ein skal kunne knytte praksisen til teorien ein har lært. Men det er viktig at ein legg vekt på teorien. Om ein går frå ein jordbruksskule med ein god kjennskap til teorien rundt det meste i landbruket som til dømes avl, godt stell av dyra, fôring, økonomi og driftsleiing osv, vil ein stilla sterkare når ein skal kjempa om jordlappar eller halde oppe ein god produksjon. Praksis skal vera med å utdjupa, forklara, engasjera og halde læringslysten oppe.

LES OGSÅ: Noko er gale i matbutikken min

Ein jordbruksskule skal visa mangfald
Driftsbygningar og maskinpark er viktige faktorar på ein jordbruksskule. Dei skal vera oppdaterte, men må samstundes ha litt av det gamle ved seg. I landbruket er det mykje nytt, nybygg og maskininvesteringar skjer heile tida. Samstundes finns det mange gamle traktorar, fjøs frå 1900-talet og ikkje alle driv rundballing. Ein jordbruksskule skal visa til mangfaldet i produksjonsutstyr, driftsbygningar og maskiner.
Som agronom, bonde eller produsent er det viktig at ein også har kjennskap til kva oksen på båsen, grisen i bingen, sauen i garden eller mjølka i tanken kan brukast til. Ein må få læra om foredling. Korleis lager ein ost, parterer ein gris eller sau eller korleis vert pylsa til? Dette kan også stimulera dei som seinare vil vera småskala- og lokalmatprodusentar.

Studiekompetanse og agronomløpet høyer saman. Det gjev fleire folk mogligheit til å ta utdanninga, som bør ha agronomkompetanse for dei vil jobba i næringar i tilknytting til landbruket, sjølv om dei kanskje ikkje skal verta bønder. Agronomutdanninga er viktig for framtidas landbruk i Noreg.

LES OGSÅ: Vakrare mat har ein giftig pris

Artikkelforfattaren, Otto Galtung, var organisasjonssjef i Norges Bondelag for ein dag i samband med Operasjon Dagsverk 2014.