– Vil ta knekken på norsk landbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil ta knekken på landbruket

Tilbodet frå regjeringa i landbruksoppgjeret viser at landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) både manglar evne og vilje til å satse på norsk matproduksjon, meiner Geir Pollestad (Sp).

Statens tilbod i jordbruksoppgjeret har ei ramme på 150 millionar kroner. Det er 1.350 millionar kroner mindre enn det kravet frå bøndene på 1,5 milliardar.

– Dette er eit tilbod som ikkje gir grunnlag for auka norsk matproduksjon og eit landbruk i heile landet, seier leiar i næringskomiteen på Stortinget Geir Pollestad i Senterpartiet.

– Statsråden har brukt eit halvt år på å snakke fint om norsk landbruk. Dagens tilbod viser at dette berre har vore nettopp snakk, og at statsråd Listhaug både manglar evne og vilje til å satse på norsk matproduksjon, seier Pollestad vidare.

Leiar i Senterungdommen Erling Laugsand kallar tilbodet for eit «skambod» og meiner det vil ta knekken på norsk landbruk.

– Regjeringa bryr seg ikkje om vi har eit levedyktig jordbruk over heile Noreg, seier Laugsand.

– Forholda her i landet gjer at den norskproduserte maten ikkje kan konkurrere på pris med dei importerte varene. Då meiner Senterungdommen at fellesskapet har eit ansvar for å sikre sunn, kortreist og miljøvennleg produsert mat, og leggje til rette for denne viktige næringa som gir titusenvis av arbeidsplassar over heile landet, seier Laugsand. (©NPK)