Håpar på Chaudry-effekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg

I dag har om lag fem prosent av studentane ved Politihøgskulen (PHS) innvandrarbakgrunn. Høgskulen ønskjer å auka delen. Til jobben har dei henta inn tidlegare stortingspolitikar Akhtar Chaudrey.

LES OGSÅ: Nytt politihøgskule-bygg framleis på vent

– Eg ønskjer å bruka det truverdet eg måtte ha i minoritetsmiljøa til å overbevisa fleire til å sjå viktigheita og dei mange karrieremoglegheitene som ligg i politiyrket.

Chaudry meiner det vil gjera politiet betre rusta i kvardagen.

– Det er viktig for politiet å ha kjennskap til dei ulike språka, religionane og tankesetta som eksisterer i Noreg i dag, seier han.

LES OGSÅ: Halvparten meiner innvandring gjer Noreg betre

– Felles forplikting
Chaudry viser til at om lag 15 prosent av det norske folket anten er fødd i utlandet, eller har foreldre som er det.

– Politiet er den einaste som er sanksjonert til å bruka makt mot sivile. Det er viktig at alle samfunnsgrupper kan ha tilgang til å utøva den makta. Det handlar om tillit. I verste fall kan det gå veldig gale om politistyrken ikkje speglar folket elles.

LES OGSÅ: Kranglar om opptakskrav

Chaudry brukar Ferguson i USA som skrekkdøme. Der har politiet mellom anna blitt skotne mot av demonstrantar etter at ein kvit politimann drap afroamerikanaren Michael Brown.

Det er og snakk om ei felles forplikting overfor samfunnet, ifølgje SV-politikaren.

– Det er ikkje berre Nina og Morten, men og Fatima og Surji sitt ansvar å bidra til eit trygt samfunn. Det er risikofylt å vera politi, og det er naturleg at befolkninga med innvandrarbakgrunn også er med på dette, seier han.

LES OGSÅ: Oslo best på busetting

Låg status og tillit
Rektor Nina Skarpenes er glad for å ha Chaudry med på laget.

– Han har eit stort og solid nettverk, ikkje berre i Oslo, men i heile landet, seier ho.

Skarpenes fortel at PHS nådde målet om at fem prosent av studentane skal ha minoritetsbakgrunn ved siste opptak. Men dei ønskjer gjerne fleire.

– Det er viktig å finna kvalifiserte søkarar, og me kvoterer ikkje. Alle søkarar konkurrerer på lik linje, seier ho.

Det er denne jobben rektoren ønskjer at Chaudry skal hjelpa til med no. Skarpenes trur låg tillit til politiet i heimlandet kan vera ein grunn til at mange med innvandrarbakgrunn ikkje vil til PHS.

– I tillegg blir politi rekna som lågstatusyrke i heimlandet. For oss er det difor viktig å visa kor stor tillit politiet har i det norske samfunnet.

LES OGSÅ: Ny rekord i tvangsutsendingar

Ønskjer å påverka
Chaudry er einig med Skarpenes.

– Me veit at låg tillit og status spelar ei rolle. Me ønskjer å visa at det norske politiet er dyktige og har høg etisk standard, seier han.

Han meiner likevel at nordmenn med innvandrarbakgrunn generelt har god tillit til politiet.

– Men det er nokre skritt frå det til å tenkja at dottera eller sonen min kan bli politi. Det er den tankeprosessen me ønskjer å setja i gang, seier Chaudry.

LES OGSÅ: Berre fire av ti innvandrargutar fullfører vidaregåande

Vil hindra friksjon
Tysdag snakka Chaudry til interesserte på eit opent informasjonsmøte på PHS. Leiar av Somalisk studentforeining, Afi Boon, slo av ein prat med Chaudry etter møtet og inviterte han til å snakka på foreininga sitt kommande motivasjonsseminar.

– Me samlar norsk-somaliske elevar frå vidaregåande for å gjera dei kjend med dei ulike utdanningsmoglegheitene. Det blir fint å få med Chaudry på det.

Boon fortel at studentforeininga har prøvd å kartlegga kor mange i politiet som har somalisk bakgrunn.

– Me kjenner til tre, så det er bruk for fleire. Eit meir mangfaldig politi vil føra til mindre friksjon i samfunnet, seier han.

LES OGSÅ: – For få politifolk med innvandrarbakgrunn

Faktaboks

Søkarar med minoritetsbakgrunn

2010: 93

2011: 131

2012: 94

2013: 170

2014: 171

Kilde: Politihøgskulen og Politiforum