For fyrste gong på over 50 år er det nynorsk i snakkeboblene i Donald Duck & Co. Sist gong vart det bråk.

mm

– Eg skulle sjølvsagt ynskje at det var mykje meir nynorsk i Donald Duck, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø.

Ho gler seg over at Donald no viser språkmangfaldet i landet vårt slik at nynorske ungar får sjå språket sitt i bruk.

LES OGSÅ: Nynorskbrukarar takkar BT

Duckifisert sunnmøring
Årets fjerde utgåve av Donald Duck & Co er allereie kome fram til abonnentane, men blir først tilgjengeleg i butikkhyllene på måndag.

I historia «Truet art på fremmed tomt» dukkar ein duckifisert versjon av TV2-profil og nynorskbrukar Arill Riise opp som journalist.

At nettopp Arill Riise vart nynorskjournalist i Donald er ikkje tilfeldig.

– Han har jo vunne ein pris for nynorsken sin og er flink til å halde på dialekta, forklarar Marius Molaug i Donald-redaksjonen.

Og som gamal Donald-lesar er Riise sjølv strålande nøgd med å verte Donald-figur.

– Å nå fram med nynorsk i Donald er stort. Det er ein siger for nynorsken, seier Arill Riise til arbeidsgjevar TV2.

LES OGSÅ: Ingvild Bryn og Arill Riise er Årets nynorskbrukarar 2012

Heilt nynorsk blad?
Mållagsleiaren trur meir nynorsk i Donald kan føre til at ungar får mindre fordommar ovanfor nynorsk og meiner Donald Duck & Co hadde vore tent med å presentera heile historier på nynorsk.

Ho har sjølv fått tak i eit frisisk Donald-blad i Frisland, så aller helst ynskjer ho seg ei heil nynorskutgåve av det tradisjonsrike teikneserieheftet.

– Det har eg ikkje tenkt på, men kanskje det kjem om dei startar eit Facebook-opprop eller fakkeltog, er oppmodinga frå Molaug, som tykkjer innspelet frå Mållaget er godt.

– Det har ikkje vore nokon sterk tradisjon for å bruka dialekt i Donald. Det har vore ei ganske konservativ linje, men me har lyst å endre på det der det passar seg, seier Molaug, som ynskjer fleire nynorske karakterar velkommen.

LES OGSÅ: Ny teikneserie om “rockestjernelivet”


Slik såg førre nynorskbrukar i Donald Duck & Co ut. Frå «Eggemysteriet» frå 1963, sist publisert i 2013. (C) Disney, Carl Barks

Fornærma vossingar
Sist gang det var nynorsk å spore i snakkeboblene i Donald Duck & Co var i 1963. 

I Carl Barks-forteljinga «Eggemysteriet» møter Donald og nevøane ein mystisk indianerstamme som hyller alt som er firkanta. I den norske versjonen syng indianarane «På Vossevangen der vil eg bu», og snakkar ei blanding av vossamål og gamaldags nynorsk. 

Desse nynorske indianarane fekk målfolket til å sjå raudt.

Etter klager frå vossingar og nynorskfolk avgjorde sjefen for barneavdelinga på Deichmanske bibliotek at bladet skulle fjernast frå hyllene.

Saka gjekk vidare til Teikneserieutvalet, som konkluderte med at bladet ikkje diskriminerte noko norsk språkgruppe.

LES OGSÅ: Dramatisk nedgang for teikneseriar

Inga krise
Denne gong har Donald Duck-redaksjonen lagt æra si i å gje lesarane korrekt nynorsk, i motsetjing til førre gong då nynorsken var full av feil og blanding av former.

– Eg trur nynorskfolket vert godt nøgd denne gongen. «Rarill Krise» ser betre ut enn folka i «Eggemysteriet», seier Molaug, som takkar Gard Espeland for god nynorskhjelp. 

Denne gongen vert det neppe rabalder, for mållagsleiaren er nøgd med utviklinga i nynorskframstillingane.

– Det er ein kjent strategi å gje raringane nynorsk eller ei sær dialekt. Det har dei ikkje gjort denne gongen, noko som syner at slike haldningar er i ferd med å endre seg, seier Tennø, som tykkjer Arill Riise er eit framifrå nynorskføredøme.

LES OGSÅ: Nynorskkurs med Facebook-suksess

Tonedøv nynorsk
Molaug er ikkje framand for at det kan dukke opp fleire gode nynorskbrukarar i Donald-universet, og hintar om eit visst nynorskbrukande idol.

Då Donald song songane til Tonedøv Skamlid Nødverge sist, var desse på bokmål. Men kanskje det vert nynorske voggeviser neste gong?

– Jo, fleire nynorske profilar i kulturlivet desto større sjanse for nynorsk i Donald, avsluttar Molaug.


Donald Duck-redaktør Molaug oppmodar til fakkeltog for nynorsk Donald. Foto: Donald Duck & Co

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE