– NTNU avgjer høgskulesamanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dersom NTNU seier nei, vert det inga samanslåing med Høgskulen i Ålesund, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til Sunnmørsposten.

Han fortel til avisa at departementet no ventar på styremøtet som skal vere ved NTNU 28. januar. Då skal universitetet kome fram til korleis dei vurderer moglegheitene for ei samanslåing med Høgskulen i Ålesund.

LES OGSÅ: Blir det Vestlands-universitet likevel?

Kunnskapsdepartementet skal etter planen konkludere om den nye høgskulestrukturen på Vestlandet før påske. Signala frå departementet har vore tydelege, høgskulane i Sogn og Fjordane, Volda, Ålesund og Molde er alle for små til å halde fram med å stå åleine.

Høgskulen i Ålesund har tidlegare vore tydelege på at dei heller ønskjer seg eit samarbeid med NTNU enn med høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane. (©NPK)

LES OGSÅ: – Høgskulen i Volda kan gløyme å stå åleine