Desse er nominert til Bokbloggerprisen 2014

Halvparten av dei nominerte til Årets roman skriv nynorsk.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei nominerte

I dag vart dei nominerte til Bokbloggerprisen 2014 avslørt, prisen der bokbloggarane sjølv går saman for å finna ein verdig vinnar. Til no har bloggarane kunne foreslå sine nominerte, og heile 148 titlar vart nominert.

Det er andre år prisen blir delt ut, og det er to kategoriar: Årets roman og Open klasse.
LES OGSÅ: Slutt for bokbåten i Sogn og Fjordane

Desse er nominert til Bokbloggerprisen 2014 for Årets roman:

– Ida Hegazi Høyer: Unnskyld (Tiden)
– Carl Frode Tiller: Innsirkling 3 (Aschehoug)
– Aina Basso: Finne ly (Samlaget)
– Ann Kyong Sook Øfsti: Si at vi har hele dagen (Gyldendal)
– Lars Mytting: Svøm med dem som drukner (Gyldendal)
– Marit Kaldhol: Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lodz (Samlaget)

Av desse er tre av seks nynorskbrukarar – Carl Frode Tiller, aina Basso og Marit Kaldhol.

Desse er nominerte i Open klasse:

– Ida Jackson: Morfar, Hitler og jeg (Sakprosa, Aschehoug)
– Siri Pettersen: Råta (Ungdomsroman, Gyldendal)
– Lise Grimnes: Kaoshjerte (Ungdomsroman, Aschehoug)
– Eli Fossdal Vaage: Hekla myter (Lyrikk, Cappelen Damm)
– Simon Stranger: De som ikke finnes (Ungdomsroman, Cappelen Damm)
– Ingvild Rishøi: Vinternoveller (Noveller, Gyldendal)

Av desse er Eli Fossdal Vaage nynorskbrukar.

LES OGSÅ: Basso-bloggen

Samlesing til august
Dette er langlistene av dei nominerte. 26. januar kjem kortlistene – då er det tre bøker i kvar klasse. Frå 1. februar blir det gjennomført samlesing av bøkene, og ei bok får søkelys på bloggen til Bokbloggerprisen i månaden.

Frå 1. august blir det høve til å stemma på bøkene, og vinnaren blir avslørt 12. september.

LES OGSÅ: Slutt for Oslo bokfestival