Slutt for Oslo bokfestival

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder BOK365 i dag. Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen, som til no har arrangert festivalen, har bestemt seg for å kasta inn handkledet.

– Etter fem år med Oslo bokfestival, er det beslutta å avvikla festivalen i sin noverande form, seier festivalsjef Mari Reinholt Aas til BOK365.

Likevel gir dei ikkje heilt opp. Foreiningane jobbar saman om nye arrangement i framtida.

LES OGSÅ: Mobiliserer for lokal litteratur

– Ikkje noko dramatisk
– Samstundes er det eit ønskje frå begge foreiningane si side at samarbeidet om eit felles bokarrangement held fram, om enn i eit anna format, seier Aas til BOK365.

Ho avkreftar og at det ligg noko dramatisk bak avgjersla om å legga ned festivalen.

– Dette er først og fremst eit ønskje frå foreiningane si side om fornying.

I fjor var over 100 000 innom Oslo bokfestival, ifølgje arrangørane.

LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Kom deg ut!