– 2014 var eit tapt år for miljøet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natur og Ungdom sitt 50. landsmøte var denne helga, og sitjande leiar Arnstein Vestre fekk tilliten i eit nytt år. Det melder han sjølv på Twitter:

 

På same møte vart og Ingrid Skjoldvær nyvald som 1. nestleiar og Gaute Eiterjord vald som ny 2. nestleiar for organisasjonen.

LES OGSÅ: Kampen om reaktoren

Verst av verstingane
Arnstein Vestre peikar ut dumping av gruveavfall i fjordane som ein av hovudsakene til Natur og Ungdom i året som kjem. I opningstalen for landsmøtet ga han ein hard dom mot Noreg sin klimapolitikk.

– Noreg er ikkje berre i verstingklassen når det kjem til å lata gruveindustrien dumpa avfallet sitt på havet, me er og verst i verstingklassen, sa Vestre, og samanlikna Noreg med Tyrkia, Indonesia, Chile og Papua Ny Guinea – land me vanlegvis ikkje samanliknar oss med i miljøsamanheng.

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet

Vestre sin dom kjem som svar på debatten om å dumpa gruveavfall i norske fjordar. Det er inne søknadar frå gruveselskap om å dumpa avfall i Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjorden i Finnmark. Om desse går gjennom, lovar Natur og Ungdom-leiaren reaksjonar.

– Kjære Tine Sundtoft. No er det på tide, no må du setta ned foten og sei nei til Jan Tore Sanner og gruvemafiaen. Om du ikkje klarar det, kan du ta hatten din og gå. Men då skal eg lova deg at Natur og Ungdom er klare. 450 aksjonistar står så langt på liste for sivilt ulydige aksjonar om det blir ja til å dumpa giftig gruveavfall i Repparfjorden og Førdefjorden. Me er klare, sa Vestre i talen.

LES OGSÅ: – Vi er veldig gode på å stenge ute ubehageleg informasjon