Kirkens Nødhjelp sin nye kampanje vil erstatta landeplagene skapt av klimaendringar med landeplager skapt av musikarar.

Med på laget er mellom anna Egil Olsen, Robert Post og Bow To Each Other. Dei gjer kvar sin versjon av ulike landeplager opp gjennom åra. Bow To Each Other gir deg Irene Cara sin «What A Feeling» frå filmen Flashdance, Robert Post covrar «November Rain» av Guns N'Roses – og Egil Olsen spelar «Mr. Boombastic» av Shaggy.

Sjå videoen til Egil Olsen her, saka held fram under:

Egil Olsen "Boombastic" from Landeplager on Vimeo.

LES OGSÅ: Åtvarar mot oljeutvinning i Arktis

Send eigne landeplagar
– Målet er å fortelle regjeringa at dei einaste menneskeskapte landeplagene vi godtek, er dei musikalske, står det i ei pressemelding frå kampanjen, som du kan lesa meir av om Landeplager.no

Der er det høve til å sjå alle dei ulike musikalske bidraga til kampanjen, samt senda eigne landeplager frå kvart år sidan 1960 til regjeringa, i ei underskriftskampanje. Låter som Smokie sin «Living Next Door To Alice», Rednex sin «Cotton Eye Joe» og «Smurfe-Sangen» til Geir Børresen, kan sendast til Regjeringa via Landeplager.

LES OGSÅ: Ny festival i eit nytt klimaår

Oftare og kraftigare
Egil Olsen, som er med i kampanjen, er engasjert i saka. Det fortel han i eit intervju med Møre-Nytt.

– Klimaendringene fører til at menneskeskapte landeplagar, som flaum, tørke og ekstremvêr, kjem oftare og kraftigare enn før. Dette går mest utover fattige land. Heldigvis kan vi gjere noko med det, seier Egil Olsen til Møre-Nytt.

LES OGSÅ: Show i tunnelen – eit møte med Egil Olsen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58
ANNONSE