NRK gjennomførte undersøkinga på 501 personar, som vart spurt om dei var for eller imot å publisera karikaturar av profeten Muhammed, slik satirebladet Charlie Hebdo gjorde.
Av dei spurde var heile 65 prosent for, og 15 prosent var imot. 19 prosent visste ikkje.
LES OGSÅ: Difor vinn pennen alltid over våpen
– Mobbing
NRK har og intervjua Fahad Qureshi, leiar av nettsida Islam Net. Han meine det er feil å sei at publiseringa av karikaturane har noko med ytringsfridom å gjera.
– Dette er hån, organisert mobbing og uthengig av ei stor religiøs gruppe, seier han til NRK.
LES OGSÅ: – Islamkritiske miljø får meir vatn på mølla
Oppdatert:
onsdag 24. mai 2017 15.58