Åtvarar mot oljeutvinning i Arktis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her må olja få ligge urørt

Studien er den første som ser nærare på kor og kva som kan nyttast av dei fossile brennstoffreservane i verda. Inkludert i nei-lista er brorparten av kolreservane i verda, det meste av tjæresandsolja i Canada og mykje av det som finst av skifergass.

Utan ei kursendring er verda på veg mot ein global temperaturauke på 5 grader, ifølgje forskarane.

– Vi har no talfesta den konkrete mengda og plasseringa av dei fossile brennstoffa som må få liggje unytta viss vi skal klare å halde oss innanfor togradersgrensa, seier ein av forskarane bak studien, Christophe McGlade ved University College London (UCL), ifølgje avisa The Guardian.

I analysen har forskarane gått ut frå at dei fossile brennstoffa som er rimelege å vinne ut, blir brukte først, og at vi kjem til å nå den kritiske karbongrensa før det blir aktuelt å ta i bruk dei som er dyrare, slik som tjæresandsolje.

Studien viser òg at karbonfangst i gass- og kolkraftverk har overraskande liten effekt i høve til mengda kol, olje og gass som forskarane meiner vi ikkje bør bruke.

Studien er publisert i tidsskriftet Nature. (©NPK)