Dette hugsar me best frå 2014

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2014 har vore prega av blant anna ebola, Ukraina, IS, Gaza, flaum, grunnlovsjubileum, fjellet som ikkje fall, Martin Ødegaard og Farmen. I Framtida.no prøver me å finna andre vinklingar på det som skjer, og gi plass til saker som ikkje får så mykje merksemd. Me vil informera, avdekka og skapa debatt, men har heller ikkje noko i mot å underhalda.

No når 2014 er ferdig, er det tid for å sjå litt tilbake på kva me har lagt bak oss. 2014 har vore eit nytt rekordår for Framtida.no – og her er nokre av sakene journalistane hugsar best.

Ein historisk dag
Det såg lenge ut som om det skulle vera umogleg, men noko endra seg i dei siste vekene før 200-årsdagen for Grunnlova vår. Sveinung Rotevatn og fleire andre Venstre-representantar bestemte seg, og Bjørn Lødemel i Høgre bestemte seg òg. Men kva dei borgarlege eigentleg hadde tenkt til å stemma var lenge usikkert. Måndagen før avstemminga var det klart, det ville bli eit stort fleirtal for nynorsk grunnlov. Bård Vegar Solhjell (SV) kalla dagen for den viktigaste dagen for skriftspråket hans i hans levetid. Ein historisk dag som det var kjekt å vera med på, synest eg.

Svein Olav B. Langåker, redaktør

LES SAKA: – Ein historisk dag for nynorsken

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?

Den viktigaste festivalguiden
Idéen var så teit at eg ikkje kunne motstå freistinga. Dagen før Øyafestivalen starta offisielt, sat eg med ei veninne på Café Sara i Oslo og venta på mat, medan eg russa litt på det ferske festivalprogrammet mitt. Då eg planla programmet kom eg til "Lørdag", og endra det raskt til "Laurdag" av gamal vane.

Sjølvsagt vart det den mest tullete saka eg har laga, kanskje nokon gong – ein nynorsk-guide for Øyafestivalen 2014 – med tips som å ropa “Meir, meir, meir” i staden for “Mere, mere, mere”. I sjangeren tullete idear var nynorskguiden tett følgt av denne – Nynorsk Grunnlov minutt for minutt på turen frå Oslo til Ørsta.

Anders Veberg, journalist

LES SAKA: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Holejenta
På reportasjetur til Aurland i Sogn og Fjordane fekk eg vere både dansande hulder og syklande journalist. Eg skulle vitje Noregs einaste økologiske jordbruksutdanning og ei jente som lever litt utanfor boksen – bokstaveleg talt.

Hovudattraksjonen på turen kan seiast å vere det næraste ein kjem ei ekte hulder no til dags. Skuleåret 2013/2014 budde nemleg Ida Løken i ei hole over Sogn Jord- og Hagebrukskule.

Du skal leite lenge etter grønare jente enn Ida. Ho utdanna seg innan økologisk landbruk, engasjerer seg i Grøn Ungdom og lever verkeleg ut draumen om eit enklare liv der forbruk ikkje er i sentrum. Ho verka likevel overraskande lite ekstrem, sidan både straum og kortreist økologisk kantinemat var lett tilgjengeleg eit steinkast unna.

Alle treng ikkje flytte til skogs, men slike som Ida er inspirerande og kan kanskje gjere framtida litt grønare.

Teksta har seinare vorte plukka ut som nynorsk eksempel i ei finsk-svensk lærebok for det me i Noreg kallar mellomtrinnet frå forlaget Schildts & Söderströms. Det er litt ekstra stas å spreie nynorsken til våre naboar i aust.

Andrea Rygg Nøttveit, journalist

LES SAKA: Den grønaste jenta i skogen

Ei snodig doktograd
Ein gong tidleg i haust skrolla eg gjennom UiOs liste over komande disputasar, på leit etter nokon av særleg interesse. Eg måtte sjå to gongar då eg kom over Jon Mikkel Borch Ålviks doktograd i musikkvitskap, som handla om noko så snodig som Marit Larsen og Marion Ravn – tidlegare M2M. Kvifor i alle dagar forska han på desse artistane? tenkte eg.

Forskinga vart også dekka av mellom andre NRK, der forskaren vart sitert på at «Marit Larsen er uekte og uærleg». Musikkvitaren fekk etter kvart noko hard medfart i kommentarfelta, og responsen frå musikkmiljøet var heller ikkje udelt positivt. «Meir synsing, enn forsking», meinte artisten Hanne Sørvaag. Idol-dommar og manager for ulike artistar, Gunnar Greve, meinte doktograden var provoserande, og at det slett ikkje var overraskande eller nytt at artistar spelar ei rolle i offentlegheita.

Samstundes kunne vi i Framtida.no med ei viss glede sjå at saka vår, Skrapar i overflata på norsk pop, var tilrådd av fleire som eit alternativ til andre mediekanalar si dekning av forskinga. «Dersom du vil vite kva musikkvitaren som forska på M2M eigentleg forska på, så les artikkelen til Framtida.no», kvitra éin.

I saka på Framtida.no forklarar Borch Ålvik litt meir om kvifor det er interessant at artistar har eit image som ikkje alltid stemmer.

– Populærmusikken er svært viktig for våre idear om kjønn, men den er langt frå eit nøytralt medium. I den augneblinken ein måte å vere kvinne på vert sett på som meir riktig enn ein annan, kan det verte problematisk. Dersom stereotypiske kvinneroller vert føretrekt, kan det innskrenke handlingsrommet til artistane, forklara Ålvik.

I Framtida.no er vi opptekne av å få fram litt andre perspektiv på saker, og i saka om Marit Larsen opplevde vi å få respons på det.

Tora Hope, journalist

LES SAKA: Skrapar i overflata på norsk pop

Språkleg kaos
Reportasjen om Belgia og språksituasjonen der hugsar eg best på grunn av sjølve turen, opplevingane, og kor mykje eg lærte på kort tid. Eg hadde ei viss aning om at Belgia ikkje var det mest fredfulle landet når det kom til språk, men eg visste ikkje korleis det var.

I Belgia har dei tre offisielle språk, fransk, tysk og flamsk, som er nærliggande nederlandsk. Skilnadane er med andre ord noko større enn her heime, med nynorsk og bokmål. Nokre fellestrekk kan ein likevel sjå – den franske delen i sør har det kulturelle overtaket, medan verdiskapinga blir gjort i den flamske delen nord i Belgia.

Elles kan det nemnast at Belgia er eit kjempeland, med godt øl og gode vaflar.

Anders Veberg, journalist

LES SAKA: Lost in translation

Dialektsensasjon
Så vidt både eg og arrangørane frå Hallingdal Mållag veit var sommarens dialektleir den første som er arrangert i Noreg – ja kanskje i heile verda.

Då eg kom til støls hadde eg vanskeleg for å tru at dei fleste deltakarane snakka austlandsk til vanleg. Dei gjekk på utfordringane – både språklege og fysiske – med liv og lyst. Det var ein herleg deltakargjeng som svalla halling til den store gullmedaljen.

Både deltakarane og leiarane gav eit godt innblikk i kvardagen til born og unge som veks opp i områder der dialekta er under press. Leiarane var fullt klar over at dei ikkje kunne vente seg ei varig dialektomvending med det same, men skal ha all honnør for å gjere sitt for å redda den utryddingstruga hallingen. Språk er ein levande ting. Dialektar som ikkje vert brukt døyr ut.

Andrea Rygg Nøttveit, journalist

LES SAKA: Dialektbobla på stølen

Mobbing
Ei av historiene som mange har blitt opprørt over i 2014 er saka i VG om Odin Olsen Andersgård (14) som enda livet sitt etter å ha blitt mobba over lang tid på to skular. Ifølgje Elevundersøkinga blir 17.000 elevar mobba oftare enn to gonger i månaden. Framtida.no har fleire gonger skrive om mobbing i året som har gått. I mai intervjua me Barneombodet som var uroa over at mange skular bagatelliserte mobbing. I saka viste me tal for den enkelte skule om kor mange elevar som blei mobba. Me har ikkje laga rangeringar for kva skular elevane trivst dårlegast på, men me har vist skulane der elevane trivst aller best.

Elevar ved to skular i Treungen fortalde seint i år at dei følte seg mobba av gamle mobbetal. Dette viser at rangeringar kan ha uheldige sider. Men eg meiner det likevel er viktig å visa korleis det står til på den enkelte skule, skriva kva tiltak som blir sett i verk mot mobbing og kva konsekvensar mobbinga kan få – og opna for debatt om mobbing og korleis færre kan bli mobba. Tidlegare i år fekk den første norske kommune ei kraftig bot for å ikkje følgja opp mobbing godt nok.  Malala fekk fredsprisen i 2014 for arbeider hennar for at jenter skal ha rett til skulegang. I Noreg har alle både plikt og rett til skulegang. Alle bør òg ha rett ein mobbefri skulegang.

Svein Olav B. Langåker, redaktør

LES OGSÅ: Store forskjellar i mobbetal: – Skulane må ta mobbing på alvor

QUIZ: Test deg sjølv – kva hugsar du frå 2014?

Inspirerande menneske på tampen av året
Vi har ikkje mange kjende fjes i Sogn og Fjordane, men då eg skulle heim på juleferie kunne eg med glede slå fast at to av dei – biletunstnar og musikar Oddvar Torsheim og artisten Thea Hjelmeland – hadde lyst til å la seg intervjue. For meg kom dermed to av sakene eg kjem til å hugse best frå 2014 heilt på tampen av året.

Eg fekk spørje Thea Hjelmeland korleis i alle dagar ho hadde klart å lage eit så bra album, og i artikkelen Thea sitt år får vi eit lite innblikk i kva mål artisten har. Eg tykte det var spanande å høyre kva Hjelmeland forsøkte å oppnå i konsertane sine. Og eg tykte ho handterte spørsmåla om suksessen ho har opplevd på ein fin måte:

– Det er deilig med stadfestinga. Det kjennest riktig, sa ho, utan blygsel, men ikkje utan audmjukskap.

Rett etter intervjuet med Hjelmeland, møtte eg Torsheim på Sunnfjord hotell.  Der tok vi ein prat om året som har gått og året som så vidt har byrja.Torsheim har nemleg hatt eit av sine mest aktive år på lenge, sjølv om han er fylt 76 år. Sjølv om kunstnaren er ungdommeleg, så kan han kanskje ikkje kallast ein ungdom. Eg spurde difor Torsheim om han hadde nokre råd til ungdommen. Rådet hans tykte eg var veldig fint og det har eg tenkt å ta med meg inn i 2015:

– Set i gong, ikkje vent for lenge. Uttrykk deg. Ikkje tenk på korleis, berre uttrykk deg. Inspirasjonen kjem når du er i gong, som når ein bonde legg steingard.

Tora Hope, journalist

LES SAKA: Seig som sirup