Dei 400 rikaste i verda auka formuane sine med til saman nærare 700 milliardar kroner i 2014.

NPK
NPK

Den som gjorde det best av alle, var den kinesiske e-handelsmagnaten Jack Ma, som med det vart den rikaste mannen i Asia.

LES OGSÅ: I 2015 skal fleire på tur

Per 30. desember hadde dei 400 ein samla formue på over 30.000 milliardar kroner (4,1 billionar dollar) – godt og vel fem norske oljefond. Det går fram av Bloomberg Billionaires Index for 2014.

Den tidlegare engelsklæraren Jack Ma, som starta e-handelsselskapet Alibaba Group heime på kjøkkenet sitt i 1999, auka formuen sin med rundt 190 milliardar kroner i fjor. Han skal no vere god for over 215 milliardar og er med det Asias rikaste.

Andre rikingar som vart enda rikare i 2014, var den amerikanske forretningsmannen Warren Buffet, Facebook-gründer Mark Zuckerberg og Microsoft-gründer Bill Gates. Formuane til dei tre voks med høvesvis 13,7 milliardar, 10,6 milliardar og 9,1 milliardar dollar.

Men Bill Gates er stadig den rikaste av alle, ifølgje Bloomberg.

LES OGSÅ: Nytt rekord-år for Framtida.no

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE