Grønt lys for grøne drosjar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er eitt enkelt tiltak som kan forbetre bymiljøet og redusere klimagassutsleppa, seier Venstres Abid Q. Raja, som fremma forslaget saman med SVs Heikki Eidsvoll Holmås.

Stortingsvedtaket inneber ei opning for at fylkeskommunane kan sette vilkår om null- og lågutslepp for nye drosjar. Dette er ikkje mogleg i dag.

LES OGSÅ: Tre av ti vil ha hybridbil

Blir innført
I Oslo har denne moglegheita vore etterlyst ei stund.

– Vi vil legge opp til ei gradvis innfasing og stille stadig strengare krav år for år i ein tiårsperiode. Grunnen til dette er at drosjeeigarar skal få moglegheit til å omstille seg, seier samferdselsbyråd i Oslo Guri Melby (V).

Raja meiner det er på høg tid å skjerpe miljøkrava til drosjenæringa.

– Det er klart at vi må tilpasse oss, slik at alle overalt kan få eit godt drosjetilbod, men mykje av bykøyringa kan fint utførast av elbilar. Utviklinga av ladbare hybridbilar gir også nye moglegheiter for fleire grøne drosjar, påpeikar han.

LES OGSÅ: Elbilar er pengesluk for ferjeselskapa

Positivt
Styreleiar Knut Thomassen i Norges Taxiforbund er positiv til stortingsvedtaket og ønskja om ein grøn drosjepark.

– Samtidig er det viktig at politikarane ikkje forhastar seg. Dette må innførast gradvis, seier han til NTB.

Thomassen peikar på at elbilar i utgangspunktet er betre eigna for drosjeverksemd i byar enn i grisgrendte strøk, men understrekar at teknologien er i rivande utvikling.

– Fordelen er at drosjeeigarar byter bil ofte, og dermed vil kunne vere i front når det gjeld miljøvennlege bilar. Allereie i dag er innslaget av hybridbilar stort. I Oslo Taxi er om lag halvparten av drosjane hybridbilar, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Historisk klimaavtale – men kva betyr den?