Tre av ti vil ha hybridbil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av ti vil ha hybrid

29 prosent seier at dei vil ha ein ladbar hybrid neste gong dei skal kjøpe bil, like mange seier at dei vil kjøpe dieselbil, 18 prosent vil satse på bensinbil, medan 15 prosent har tenkt å kjøpe elbil, viser målinga Sentio har utført for Nationen.

LES OGSÅ: Elbilar er pengesluk for ferjeselskapa

– Det er veldig gledeleg at så mange har fått auga opp for ladbare hybridbilar så raskt. Dette viser at folk gjerne tek miljøval dersom styresmaktene legg til rette for det, seier kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal i NAF.

Ladbare hybridbilar, som i realiteten er elbilar med ein bensinmotor som ladar batteria etter behov, får frå årsskiftet eit kraftig avgiftskutt og blir over 20.000 kroner billegare.

LES OGSÅ: Byggjer Noregs råaste elbil

– Avgiftskutta har god effekt. Det er eit sterkt verkemiddel med både økonomisk og psykologisk effekt. Ein ting er at ein betalar mindre, ein annan ting er den positive omtalen. Det forsterkar etterspørselen, trur Sagedal.

Ho håpar at delen som vil kjøpe dieselbil vil minke.

– Vi får håpe hybriden overtek meir av salet til dieselbilane etter kvart, seier Sagedal til Nationen. (©NPK)

LES OGSÅ: Nytt batteri varar i tjue år